Karensdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karensdag er namnet på éin eller fleire dagar som må gå før ein får ein rett. Ordet tyder opphavleg «ventedag».

Ein bruker karensdagar i den norske trygdeordninga for arbeidsløyse, der ein må venta tre dagar før ein får trygd. Fram til 1. juli 1978 var det òg brukt i samband med sjukdom, der ein måtte venta tre dagar frå sjukemeldinga før ein fekk sjukepengar.

I dei seinare åra har ein særleg diskutert bruk av karensdag i samband med eigenmelding for sjukefråver. Norske borgarlege parti meinte det ville føra til lågare sjukefråver dersom arbeidstakarane sjølv tapte på å melda seg sjuke ein dag. Innføring av denne typen karensdag i Sverige viste at sjukefråveret gjekk ned, men etterkvart auka igjen, anten fordi folk som gjekk sjuke på jobb spreidde smitte eller blei meir alvorleg sjuke, eller hadde fleire fråversdagar når dei først var blitt borte ein dag og hadde tapt ei dagsløn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bye, Bent Inge (31.08.2001), «- Alle parter taper på dårligere sykelønn»», Bransjenytt  (arkivert versjon)