Kari Bing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Bing
Kari Bing i keramikkverkstedet.jpg
Fødd 11. oktober 1919
Oslo
Død

7. mars 1997 (77 år)
Bærum

Yrke keramikar
Ektefelle Magne Stueland

Kari Bing Stueland (11. oktober 19197. mars 1997) var ein norsk keramikar som hadde suksessar både nasjonalt og internasjonalt. Saman med ektemannen sin Magne Stueland laga ho brukskunst, først og fremst krus, kanner og skåler.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kari Bing vart fødd i Oslo, men flytta til Blommenholm som eittåring. Allereie som liten interesserte ho seg for keramikk. Ho tok med seg leire frå hagen og brukte ein sveivegrammofon som dreieskive.[1]

I 1936, då Bing var 17 år, starta ho på Statens handverks- og kunstindustriskule der ho studerte i 4 år kor eit var som utvekslingsstudent på Brighton College of Art i England.[2] Etter utdanninga si hadde ho praksis hos den norske keramikaren Jens von der Lippes verkstad.[3] Året etterpå opna ho sin eigen verkstad på Blommenholm i Bærum.

1951 byrja Magne Stueland å arbeida i verkstaden til Kari Bing, året etterpå gifta dei seg.[4] Paret samarbeidde fram til Magnes død i 1984, deretter heldt Kari fram arbeidet på eiga hand.[5] Paret og Karis eigne verk bestod av bruks- og prydgjenstandar, anten einsfarga eller med mønster i sterke fargar.[6]

Bing var engasjert i det lokale kunstnarmiljøet. I 1950 sat ho i juryen som valde ut serviset til bankettsalen i Oslo rådhus.[7] Under dei seinare åra i livet sitt var ho aktiv i Akershus Kunstsenter.[8] Ho underviste sjølv i keramikk i mange år, både i skular og for kunsthandverksforeiningar.[9]

Frå 1978 hadde Bing fast plass på Sandvika torg der ho selde sine eigne og Magne sine produkt.[10]

Verk i offentlege samlingar[11][endre | endre wikiteksten]

Utstillingar[12][endre | endre wikiteksten]

  • Sommerutstilling, Drammens museum, 1943
  • Foran gjenreisningen, Foreningen Brukskunst, Kunstnernes Hus, Oslo, 1946
  • Norsk Brukskunst, Göteborg, 1951
  • Norsk Brukskunst, København, 1951
  • Foreningen Brukskunsts høstmønstring, Kunstnernes Hus, Oslo, 1952
  • Foreningen Brukskunsts høstmønstring, Kunstnernes Hus, Oslo, 1953
  • Design in Scandinavia, Vandreutstilling USA, 1954
  • The Arts of Norway, USA, 1957
  • Galleri Terningen, Sandvika, gjentekne gonger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. november 2021 
  2. Olsen, Astrid; Andersen, Rolf Simeon (2000), Moderne antikviteter: norsk keramikk, signaturer og merker 1900-1960 (på norsk), Lunde, ISBN 978-82-520-3279-6, OCLC 44934397, henta 1. november 2021 
  3. Norsk Kunstner Leksikon: Bildende Kunstnere - Arkitekter/ Redigert av Nasjonalgalleriet. (på norsk), Universitetsforlaget, 1986, ISBN 978-82-00-18323-5, OCLC 248066857, henta 1. november 2021 
  4. Linder, Mats (21. mars 2020). «Magne Stueland». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. Norsk Kunstner Leksikon: Bildende Kunstnere - Arkitekter ; Kunsthåndverkere. Bind 4: Sp-Å/ Redigert av Nasjonalgalleriet. (på norsk), Universitetsforlaget, 1986, ISBN 978-82-00-18323-5, OCLC 248066857, henta 1. november 2021 
  6. Norsk Kunstner Leksikon: Bildende Kunstnere - Arkitekter/ Redigert av Nasjonalgalleriet. (på norsk), Universitetsforlaget, 1986, ISBN 978-82-00-18323-5, OCLC 248066857, henta 1. november 2021 
  7. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. november 2021 
  8. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. november 2021 
  9. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. november 2021 
  10. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. november 2021 
  11. Norsk Kunstner Leksikon: Bildende Kunstnere - Arkitekter/ Redigert av Nasjonalgalleriet. (på norsk), Universitetsforlaget, 1986, ISBN 978-82-00-18323-5, OCLC 248066857, henta 1. november 2021 
  12. Norsk Kunstner Leksikon: Bildende Kunstnere - Arkitekter ; Kunsthåndverkere. Bind 4: Sp-Å/ Redigert av Nasjonalgalleriet. (på norsk), Universitetsforlaget, 1986, ISBN 978-82-00-18323-5, OCLC 248066857, henta 1. november 2021