Karl I av Hessen-Kassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl I

Landgreve av Hessen-Kassel
Fødd3. august 1654
FødestadKassel
Død23. mars 1730
DødsstadKassel
GravstadMartinskirche
Gift medMaria Amalia av Kurland
DynastiHuset Hessen
FarVilhelm VI av Hessen-Kassel
MorHedvig Sofie av Brandenburg
BornWilhelm
Karl
Fredrik I av Sverige
Christian
Sofie Charlotte
Karl
Vilhelm VIII av Hessen-Kassel
Leopold
Ludwig
Marie Lovise av Oranien
Maximilian
Georg Karl
Eleonore Antoine
Wilhelmine Charlotte

Karl I (3. august 165423. mars 1730) var ein landgreve av Hessen-Kassel frå 1670 til han døydde.

Han var fødd i Kassel og var son av Vilhelm VI av Hessen-Kassel og Hedvig Sofia av Brandenburg, dotter til kurfyrste Georg Vilhelm av Brandenburg. Etter at faren døydde tidleg, styrte mora som regent fram til 1675. Karl styrte så dei neste 55 åra.

Under regjeringstida hans kom Kassel seg raskare etter trettiårskrigen enn andre regionar i Tyskland. Han bygde ein relativt stor arme, som han leigde ut til den som bestalte mest i den spanske arvefølgjekrigen.

Etter tilbakekallinga av ediktet i Nantes i 1685 i Frankrike, ønskte Karl dei utdrivne hugenottane velkomen og gav dei religionsfridom. Om lag 4000 hugenottar slo seg ned i Kassel. Karl stimulerte metallindustrien og var òg interessert i arkeologi.

Karl gifta seg med syskenbarnet Maria Amalia av Kurland (1653–1711), dotter til Jacob Kettler, hertugen av Kurland. Dei hadde sytten born, mellom anna Fredrik, konge av Sverige og landgreve av Hessen-Kassel, Sofie Charlotte, gift med Fredrik William av Mecklenburg-Schwerin, Vilhelm, landgreve av Hessen-Kassel, Marie Louise, gift med prins Johan Willem Friso av Oranien og Maximilian, gift med landgrevinne Friederike av Hessen-Darmstadt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]