Karl VI av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl VI av Det tysk-romerske riket
Portrait of Charles III of Habsburg.jpg
Konge av Tyskland og tysk-romersk keisar
Fødd1. oktober 1685
FødestadWien
Død20. oktober 1740
DødsstadWien
FøregjengarJosef I
EtterfølgjarKarl VII
Karl VI måla av Johann Gotfried Auerbach på 1730-talet.

Karl VI (1. oktober 168520. oktober 1740) var keisar av Det tysk-romerske riket frå 1711 til han døydde i 1740. Han var han den andre sonen til Leopold 1., og veslebror til Josef 1., som han etterfølgde.

Karl streva alt i 1700 etter den spanske trona i den spanske arvefølgjekrigen, men med freden i Rastatt 1714 måtte han oppgje det. Han gifta seg med Elisabeth Kristine av Braunschweig-Wolfenbüttel, som hen fekk to born med, Maria Teresia i 1717 og Maria Anna i 1718. Han arbeidde for å få dottera Maria Teresia anerkjend som etterfølgjaren sin i dei austerrikske landa, noko han lukkast med den pragmatiske sanksjon i 1713. Då Karl døydde i 1740 utløyste dette den austerrikske arvefølgjekrigen, som plaga etterfylgjaren hans, Maria Teresia, i åtte år.

Karl VI var den siste av den habsburgske mannslinja.