Karnasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karnasjon eller inkarnat er ei nemning for fargen av den menneskelege huda innan måleri eller polykrom skulptur. Den målariske oppfatninga av karnasjon har vore sterkt vekslande innan dei ulike tidsperiodane: i den bysantinske kunsten var han ofte lett grønleg på grunn av undermålinga, i høgrenessansen sterkt lysande, guleg, for så å bli kjølig bleikkvit under manierismen, medan han under barokken blussa varmt i det raudlege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

karnasjon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/karnasjon