Farge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om farge i fysisk forstand. For farger i ein kortstokk, sjå Farger i kortstokken.

Farge, let eller lett er namnet gjeven åt menneske si sansing og oppfatning av skilnader i bølgjelengdene åt synleg ljos, det vil seia elektromagnetisk stråling innom bølgjelengdsområdet 380-740 nanometer.

Kvar farge kan definerast i fysikken som eit bestemt bølgjelengdeområde, sjølv om det finst små og store forskjellar i kvart menneske si oppfatning. Tabellen til venstre viser bølgjelengdeområda som farger hovudsakleg er knytte til i Vesten.

Farge Bølgjelengder Frekvensar
raudt ~ 625 – 740 nm ~ 480 – 405 THz
oransje ~ 590 – 625 nm| ~ 510 – 480 THz
gult ~ 565 – 590 nm ~ 530 – 510 THz
grønt ~ 520 – 565 nm ~ 580 – 530 THz
blått ~ 445 – 520 nm ~ 675 – 580 THz
indigo ~ 425 – 445 nm ~ 700 – 675 THz
fiolett ~ 380 – 425 nm ~ 790 – 700 THz

Definisjonane av kvart område er basert på fargar som menneske knyter til ein ljosstraum der alle bølgjer har bølgjelengder i det området. Farger me ser i ljoskjelder kjem frå lengdene åt ljosbølgjer dei strålar. Alle andre objekt får farger frå lengdene åt ljosbølgjene dei reflekterer. Eit raudt objekt, til dømes, absorberer alle bølgjelengdene i synleg ljos bortsett frå dei som er i raudområdet. Eit objekt som absorberer alle bølgjelengder vert oppfatta som svart, medan eit objekt som reflekterer alle bølgjelengder med spreiing vert oppfatta som kvitt. Ein spegel reflekterer alle bølgjelengder utan å spreia dei, og menneske oppfattar han difor ikkje som farga.

Fargesyn i menneske[endre | endre wikiteksten]

Den fysiske definisjonen av ei farge som eit bestemt bølgjelengdeområdet er ikkje ei nøyaktig skildring av det allmenne fenomenet som vert kalla ei farge av menneske. Det finst mange ulike kombinasjonar av forskjellige bølgjelengder som me sansar som éi farge. Til dømes vil ein skjerm som viser fargen «oransje» ikkje visa ljosbølger med lengd mellom 590 og 625 nm. Istaden viser han ei blanding av to delar raude ljosbølgjer og éin del grøne ljosbølgjer. Sjølv om menneske sansar denne fargeblandinga som oransje, er ho ikkje objektivt sett oransje. Mange dyr, til dømes, ser henne som ei blanding, og ikkje som éi farge. Farger som menneske sansar er difor ikkje naturlege eigenskapar, men har òg viktige biologiske og psykologiske aspekt.

Den biologiske delen av fargefenomenet har opphav i dei to slags synsellene i augo, tappar og stavar. Kvar tapp er kjenneleg for ein spesifikk del av fargespektret. Eit normalt auge har tre typar tappar, fiolettkjennelege tappar (mest sensitive rundt 420 nm), grønkjennelege tappar (mest sensitive rundt 534 nm) og gulkjennelege tappar (mest sensitive rundt 564 nm). Ein tarv alle tre for å kunna sansa alle farger, og eit menneske som saknar ein eller fleire av dei vert fargeblindt.

Stavar er motsett berre vare for skilnader i ljosstyrke og ikkje for fargespektret. Ein trudde difor ein gong at dei ikkje hadde noko rolle i fargesyn, men ein trur no at dei vert brukt i samband med tappar for å skilja fargar når det er mørkt. Ein kan difor sansa den same ljosblandinga som forskjellige farger, om ljoset er sterkare eller svakare.

Stavane og tappane i augo gjev oss evne til å sansa farger

Den psykologiske delen av fenomenet er grunna i hjernen. Fargesyna er resultat av tolkinga av tilførslene frå augo i hjernen. Det første steget i prosessen er å destillera éin fargenyanse frå ymse ljosbølgjer som augo har sansa. Bølgjelengda åt denne destillerte fargenyansen vert kalla «den dominerande bølgjelengda». Ein veit ikkje nettopp korleis dette steget fungerer. Den mest godtekne teorien hevdar at hjernen har tre motsette kanalar, raud-grøn, blå-gul og svart-kvitt, som er laga frå tilførslene som augo sender åt hjernen. Blå og gul, og raud og grøn, er «motsette farger». Ein kan difor aldri sjå «blå-gul» eller «raud-grøn», på den same måten at ein kan aldri sjå «ljos-mørke» eller føla «varm-kalde».

Den andre steget i prosessen er å oppfatta ei farge frå nyansen. Oppfatninga vert påverka av historia og kulturelle bakgrunnen av observatøren. Ein ser til dømes at farga som nokre kallar «blå» vert oppfatta som «grøn» av andre, og at nokre kulturar ikkje skil mellom farger som for nordmenn er svært ulike.

Oppfatninga av ei farge kan òg verta påverka av andre farger i nærleiken. Denne effekten har vore brukt av nokre kunstnarar, særleg Vincent van Gogh. Fargesyn kan også verta påverka av andre sansar, særleg i folk med synestesi som ofte ser farger når dei høyrer ljod.