Karsinom in situ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karsinom in situ er ein serie av abnorme (uvanlege) celleendringar som kan tyda på tidleg kreftutvikling. Det er ein form for neoplasi, men det er usemje om det skal klassifiserast som kreft. Den abnorme veksten førekjem i cellene sitt opphavlege område, eller «in situ» (frå latin: «på sin plass»).

Karsinom in situ i huden, kalla Bowens sjukdom, involverer akkumulasjonen av dysplastiske epidermceller som ikkje har klart å penetrere den djupe huden. Denne avgrensinga plar å hindre forminga av svulstar. I staden er lesjonen flat (t.d. i huden eller livmorhalsen), eller så formar den seg etter organet sin opprinnelege arkitektur (t.d. i brystet og lungene). Unntaka er karsinom in situ i kolon (polypp), blæra (preinvasiv papillær kreft), og brystet (induktalt karsinom eller lobulært karsinom).

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.