Kartfjorden

Koordinatar: 68°11′32″N 13°50′32″E / 68.19222°N 13.84222°E / 68.19222; 13.84222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°11′32″N 13°50′32″E / 68.19222°N 13.84222°E / 68.19222; 13.84222 Kartfjorden er ein fjordarm av RolvsfjordenVestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg om lag 1,5 km inn til garden med same namn.

Fjorden har innløp ved Straumsbrua som Riksveg 815 går over. Innløpet til fjorden under brua er særs smalt, berre rundt 3-5 meter. Her ligg òg garden Straumen, som er den einaste busetnaden ved fjorden i tillegg til Kartfjord i botn.