Vestvågøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestvågøy
Vestvagoy Veggen Mannen.jpg
Geografi
Norway - Vestvagoy.PNG
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°13′N 13°48′EKoordinatar: 68°13′N 13°48′E
Øygruppe Lofoten

Areal 411 km²

Høgaste punkt Himmeltindan (964 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Leknes (2697 innb.)

Demografi
Folketal 10 350 (2006)
Folketettleik 25,1 /km²

Vestvågøy er ei øy i Lofoten i Nordland. Øya har et areal på 411 km², og utgjer det meste av kommunen med same namn. Øya hadde om lag 10 350 innbyggjarar i 2006.

Den midtre delen av øya er relativt flat og myrlendt, medan dei ytre delane i nord og sør er fjellendte. Det høgaste punktet på øya er Himmeltindan på 964 moh. Dei flate delane av øya er i stor grad jordbruksland.

Nappstraumen skil Vestvågøy frå Flakstadøya i vest, medan Sundklakkstraumen skil Vestvågøy frå Gimsøya i aust. Nappstraumtunnelen og Sundklakkstraumen bru går mellom Vestvågøy og naboøyane. Europaveg 10 kryssar øya på veg frå aust til vest i Lofoten.

Vestvågøy har fleire tettstader og fiskevær, med Leknes som kommunesenter og største tettstad. Andre fiskevær og tettstader på øya er Stamsund, Ballstad og Gravdal. På Gravdal ligg Nordlandssjukehuset Lofoten, tidlegare Lofoten sjukehus.

Vestvågøy hadde i tidlegare tider namnet Lofotr, som har gjeve namn til heile Lofoten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]