Kasjmirarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kasjmirarar er ei folkegruppe frå Kashmir, eit tidlegare sjølvstendig kongedøme som nå er delt mellom India og Pakistan. Kasjmirarane er hovudsakleg muslimar, men ein del er òg hinduar. Dei snakkar kasjmirsk, eit indoeuropeisk språk, som på kasjmirsk heiter kåsjur.

Den tidvis valdelege konflikten om kven som skal styra Kashmir har ført til at folket har vore delt i to av ei grense som vart laga og stengd i 1947. I 2005 fekk dei første vanlege kasjmirarane kryssa grensa for å vitja familie.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]