Katadromi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leptokefal-larven til ein ål lever i saltvatn, men lever som vaksen i ferskvatn. Korleis han finn vegen er eit mysterium.

Katadromi er eit vandringsmønster hjå fisk som gyter og vert klekt ut i saltvatn, men vanlegvis lever heile livet sitt i ferskvatn. Fisk som lever på denne måten vert kalla katadrome fisk.

Det mest kjende dømet på katadromi er livssyklusen til ål. Denne fisken vandrar ut or vassdraga han lever i om hausten for å gyta i Sargassohavet, i eit område ved om lag 48-74° vestleg lengd og 23-30° nord. Både europeisk og amerikansk ål gyter i same området.

Katadromi står i motsetnad til anadromi.