Katarina Taikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katarina Taikon
Katarina Taikon 1953.jpg
Fødd 29. juli 1932
Örebro, Almby församling
Død

30. desember 1995 (63 år)
Ytterhogdals församling

Yrke Författare
Språk Svenska
Sjanger barnelitteratur
Ektefelle Björn Langhammer
Born Niki Langhammer
Katarina Taikon på Commons

Katarina Taikon, folkebokført Katharina Maria Taikon, ei tid Taikon Langhammer (29. juli 193230. desember 1995) var ein svensk forfattar av rom-opphav.

Katarina Taikon debuterte som forfattar i 1963 med den sjølvbiografiske boka Zigenerska. Ho blei mest kjend for barne- og ungdomsbøkene sine i Katitzi-serien, som byrja koma ut 1969. Som rom var ho òg aktiv i samfunnsdebatten om rettane til svenske romfolk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Katarina Taikon var dotter av sylvsmeden og tivolieigaren Johan Taikon og Agda Karlsson. Johan kom til Sverige frå Russland på byrjinga av 1900-talet og møtte servitrisa Agda Karlsson nokre år seinare, då han spelte fiolin på ein restaurant i Göteborg.[1] Katarina var ei yngre syster av Rosa Taikon, som også blei sylvsmed. Musikaren og forfattaren Hans Caldaras og forfattaren og læraren Monica Caldaras var syskenbarna hennar. Mor hennar døydde då ho var ni månader gammal. Etter at faren gifta seg opp at, kom Katarina Taikon i fosterheim hjå paret Kreüter på Sörböle i Skellefteå.[2][3] Paret Kreüter dreiv eit tivoli og ønskte å adoptera fosterbarnet sitt, men faren motsette seg dette.[4][5]

Sommaren 1939 blei ho skriven inn som Ketty Karlsson (mora sitt etternamn) på barneheimen Umebygdens barnhem på Öbacka i Umeå. Begge dei første bøkene om Katitzi utspelar seg i sørlege Västerbotten,[6][7] [7] og i den siste vender ho attende til jenterommet i Skellefteå.[8] Då Katarina Taikon var 16 år, i 1948, spelte ho eu hovudrolle i Arne Sucksdorff sin kortfilm Uppbrott. Hobudde mellom anna på Henriksdalsberget i Nacka.

Som dei fleste kalderash-romar i sin generasjon hadde Taiko ikkje gått på skule som barn, og lærte seg å lesa og skriva først i tenåra. Ho studerte seinare på Birkagårdens folkehøgskole og ved Brørne Påhlmans handelsinstitutt.[9]

Katarina Taikon var ei tid trulova med skodespelaren Ove Tjernberg[10] (1928–2001)[11] og fekk dottera Angelica Ström (fødd 1953) med han. Med kunstnaren Svenolov Ehrén (1927–2004) fekk ho sonen Michael Langhammer (fødd 1957). Åra 1962–1981 var ho gift med fotografen Björn Langhammer (1933–1986), som ho fekk sonen Niki Langhammer (1961–1999) med.[12][11]

I 1982 blei Katarina Taikon ramma av hjartestans berre 50 år gammal. Ho blei gjenoppliva av ambulansepersonell, men hadde då fått store hjerneskadar den langvarig oksygenmangel. Ho låg 13 år i koma, før ho gjekk bort 1995 uten å ha fått tilbake medvitet.[13]

Katarina Taikon blei gravlagd på Skogskyrkogården i Stockholm i same grav som broren Paul Taikon.[14]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2012 blei ein biografi om henne, Den dag jag blir fri, av Lawen Mohtadi, gjeven ut.[5] Ein dokumentarfilm om livet til Katariana Taikons liv, Taikon, hadde kinopremiere i oktober 2015 med manuskript og regi av Gellert Tamas og Lawen Mohtadi.[15]

I Skellefteå blei Katitzis gata kalla opp etter henne i 2015.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Zigenerska, Wahlström & Widstrand, Stockholm 1963. Libris 22895. 
  • Zigenare är vi, Tiden, Stockholm 1967. Libris 807276. 
  • Dikter, Författarcentrum, Stockholm 1968. Libris 2524508. 

Serien om Katitzi

Katitzi-bøkene på norsk



Bilderböcker om Katitzi med illustrationer av Lisbeth Holmberg-Thor

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 – Katitzi

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 – ABF:s litteratur- & konststipendium
  • 1969 – Litteraturfrämjandets stipendiat
  • 1971 – Litteraturfrämjandets stipendiat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edling, Lars: 101 historiska svenskar, Historiska media, 2016, s. 276. ISBN 9789175452913. OCLC 1005164784. Henta 2019-03-28. 
  2. Sörböle. (2005). [Skellefteå: Studieförbundet Vuxenskolan]
  3. Skelleftebygdens historia: Kulturlivet i Skellefteå: med lust och glädje stor-. (1988). Skellefteå: Skellefteå kommun [Clausén, red].
  4. «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 2015-05-21. Henta 19. mai 2015. 
  5. 5,0 5,1 Mohtadi, Lawen (2015). Den dag jag blir fri: en bok om Katarina Taikon. 1. pocketutg. Stockholm: Natur & kultur
  6. Katitzi. Tyresö: 1969. Libris 8211689
  7. 7,0 7,1 Katitzi och Swing. Stockholm: Gidlund. 1970. ISBN 91-7021-068-3
  8. Uppbrott. Nacka: Tai-Lang. 1980. Libris 8379566
  9. Taikon-Langhammer, Katarina M, författare, Värmdö i Vem är det : Svensk biografisk handbok / 1993 / s 1085.
  10. Odelberg Wilhelm, Bäckmark Magnus: Svenska släktkalendern. Årg. 29(2003), Almqvist & Wiksell International, Stockholm 2003 (swe), s. 348. ISBN 91-22-02008-X. Libris 9972937. 
  11. 11,0 11,1 Sveriges dödbok 1901–2013 Swedish death index 1901-2013, Sveriges släktforskarförbund, Solna 2014 (swe). ISBN 9789187676642. Libris 17007456. 
  12. Mohtadi, Lawen: Den dag jag blir fri: en bok om Katarina Taikon, Natur & kultur, Stockholm 2012 (swe), s. 93. ISBN 978-91-27-13279-5. Libris 12736863. 
  13. «Katarina Taikon vägrade skammen». Svenska Dagbladet. Henta 2. november 2013. 
  14. Skogskyrkogården, kvarter 19K, gravnummer 25778 på Hittagraven.se. Åtkomst 14 augusti 2015.
  15. «Taikon». www.sfi.se (på svensk). Henta 18. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • Mohtadi, Lawen: Den dag jag blir fri: en bok om Katarina Taikon, Natur & Kultur, Stockholm 2012. ISBN 978-91-27-13279-5. Libris 12736863. 
  • Olson, Lisa: Fördomar och relationsproblematik i Katarina Taikons Katitziserie, Litteraturvetenskapliga institutionen, univ., Stockholm 1995. Libris 2010929. 
  • Sjöqvist, Katharina: Romaner om romer: en intertextuell analys av 'Ritzka - zigenarflickan' och 'Katitzi', Institutionen för litteraturvetenskap och idéhistoria, Stockholm 2003. Libris 9896013. 
  • Öhman, Christer: Berättarstrukturer i Katarina Taikons Katitziböcker, Uppsala 1975, Litteratur och samhälle, 0345-6889 ; 11(1975):4. Libris 627414. 
Nettstader