Skogskyrkogården

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skogskapellet
Uppståndelsekapellet
Kyrkjegarden, gamal del

Skogskyrkogården (Skogskyrkjegarden) er ein kyrkjegard og gravstad i Gamla Enskede i Stockholm i Sverige. Kyrkjegarden vart innvigd i 1920, etter å ha vorte teikna og planlagd av arkitektane Gunnar Asplund og Sigurd Lewerentz.

Skogskyrkogården har to kapell, Skogskapellet, som vart teikna av Gunnar Asplund i 1920, og Uppståndelsekapellet teikna av Lewerentz i 1925. Skogskrematoriet inneheld tre kapell, Trons, Hoppets og Heliga korsets kapell. Kapella vart bygd i tida 1937-1940. Kring kyrkjegarden går ein 4 600 meter lang steinmur, oppført som naudsarbeid frå 1923 til 1932. Ei jamføring kan vera at muren kring Vatikanstaten er 3 200 m.

På Skogskyrkogården kviler mange kjende personar, t.d. Greta Garbo, Lennart Skoglund og Ivar Lo-Johansson.

Skogskyrkogården vart i 1994 teken med på UNESCO si verdsarvsliste.

Heliga korsets kapell

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skogskyrkogården