Hopp til innhald

Kate Raworth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kate Raworth

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. desember 1970 (53 år)
Yrke samfunnsøkonom, universitetslærar
Språk engelsk
Medlem av Romaklubben
Nettstad https://www.kateraworth.com
Kate Raworth på Commons

Kate Raworth (fødd 13. desember 1970) er ein engelsk økonom og forfattar. Ho er opphavskvinna til smultringmodellen, ein økonomisk modell som både tek omsyn til behova til menneske og tolegrensene til planeten. Raworth er tilknytta Oxford University Environmental Change Institute som senior associate, og professor ved Amsterdam University of Applied Sciences.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Raworth er utdanna ved Universitetet i Oxford, og blei inspirert av Andrew Graham, ein økonom som var tidleg ute med å leggje meir vekt på reelle forhold enn økonomiske modellar.[1]

Frå 1994 til 1997 jobba Raworth på Zanzibar for Overseas Developement Institute. Frå 1997 til 2001 jobba ho med å skrive SN sin Developement Programme’s Human Development Report. Frå 2002 til 2013 jobba ho i velgjerdsorganisasjonen Oxfam.[2]

I 2017 gav Raworth ut boka Doughnut Economics – Seven ways to think like a 21st century economist, der ho presenterer smultringmodellen. Boka har blitt omsett til over 20 språk.[3]

I 2019 bidrog Raworth til å stifte DEAL (Doughnut Economics action lab), for å gjere det enklare å dele verktøy for akademikarar, organisasjonar og andre som jobbar for å setje ideane frå boka om smultringøkonomi ut i praksis.[4]

I 2021 blei Raworth medlem av WHO sitt Council on the Economics of Health for All, som blir leia av Mariana Mazzucato.[5]

Illustrasjonar og animasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Smultring-økonomi, ei visuell framstilling av eit samfunn som er innanfor tolegrensene til planeten og der ingen menneske «fell gjennom holet». Illustrasjon frå boka til Raworth med same namn.

Kate Raworth er spesielt oppteken av visuell kommunikasjon.[6] Ho argumenterer for at dei enkle figurane i økonomifaget, for eksempel kurva som viser tilbod og etterspurnad, er medverkande til den store innverknaden til økonomifaget i samfunnet. Difor legg ho mykje arbeid i visuell framstilling av alternative idear og poeng.[4]

Raworth har også laga animasjonsfilmar om smultringøkonomi, og ein dokkefilm («puppet rap battle») om omgrepet «rational economic man».[7]

Raworth bur i Oxford. Ho er gift med forfattaren og filosofen Roman Krznaric.[1][8]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 O'brien, Hettie (8. juni 2023). «The planet's economist: Has Kate Raworth found a model for sustainable living?». The Guardian. 
  2. «Kate Raworth». United Nations University. Henta 5. desember 2023. «She was Senior Researcher at Oxfam from 2002 to 2013. Prior to that she was economist and co-author of UNDP’s Human Development Report from 1997-2001, contributing chapters on globalization, new technologies, resource consumption and human rights. From 1994-97 she was a Fellow of the Overseas Development Institute, based in Zanzibar, focused on promoting micro-enterprise development in the islands.» 
  3. «Rethinking Endless Growth with Doughnut Economics». Current Affairs. 10. juni 2022. «Kate Raworth is a self-described renegade economist and the author of Doughnut Economics: Seven Ways to Think Like a 21st-Century Economist, which has been translated into over 20 languages» 
  4. 4,0 4,1 «Principles and guidelines». DEAL Doughnut Economics Action Lab. Henta 5. desember 2023. «All tools uploaded to the DEAL Community Platform - by the DEAL Team and the wider community - are licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International Licence. This means they can be used for any purpose, so long as you provide attribution and share back any changes you make, under the same licence» 
  5. «Global experts of new WHO council on the Economics of Health for All announced». WHO. 6. mai 2021. Henta 5. desember 2023. 
  6. Raworth, Kate (2017). Doughnut Economics. Chelsea Green Publishing. s. 12. ISBN 9781603587969. «The most powerful stories throughout history have been the ones told with pictures. If we want to rewrite economics, we need to redraw its pictures too, because we stand little chance of telling a new story if we stick to the old illustrations» 
  7. «It'stime for Economics to get Animated!». Henta 5. desember 2023. 
  8. «KateRaworth». Chelsea Green Publishing. Henta 5. desember 2023. 
  9. «Kate Raworth awarder honorary doctorate». BSL. Henta 5. desember 2023. 
  10. «Kurt Rothschild Preisverleihung 2019: Kate Raworth». Karl-Renner-Insititut. 4. desember 2019. Henta 5. desember 2023. 
  11. «Students have a taste for Kate Raworths Doughnut Economics». KU Leuven. Henta 5. desember 2023. 
  12. «York to award 9 honorary degrees». University of York. Henta 5. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]