Oxfam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oxfam
Oxfam logo, 2016 (cropped).jpg
Skipa1942
HovudkontorOxford
Nettstadhttp://www.oxfam.org/
Land der Oxfam International har medlemsorganisasjonar.

Oxfam er ein internasjonal, ideell, humanitær organisasjon som arbeider i meir enn 100 land for å redusera fattigdom og urettferd.

Oxfam vert koordinert på verdsbasis av Oxfam International, ein konføderasjon av Oxfam-organisasjonane i Australia, Belgia, Canada, Tyskland, Storbritannia, Hongkong, Irland, Nederland, New Zealand, Quebec, Spania og USA. Oxfam International har sekretariat i Oxford i England og avdelingskontor i Washington, DC, New York, Brussel og Genève. I Noreg held Oxfam til i Stavanger.

Oxfam har opphav i Oxford. Organisasjonen vart grunnlagd i 1942 som Oxford Committee for Famine Relief av presten Theodore Richard Milford og kvekarforsamling i Oxford for å senda mat gjennom Dei allierte sin blokade til innbyggjarane i det tysk-okkuperte Hellas. Den fyrste utanlandsavdelinga av Oxfam vart oppretta i Canada i 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]