Kategoridiskusjon:Fantasy-litteratur

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fantasy eller fantastisk?[endre wikiteksten]

Fantastisk litteratur er ofte brukt som omsetjing for engelsk "fantasy". Er det ein idé å gjera det her òg? -- Ranveig 09:07, 28 september 2006 (UTC)

Avmangel av betre ord, nyttar me fantasy her på jobben, og. Er forskjell på noko fantastisk og ein fantasi.--Anders 09:12, 28 september 2006 (UTC)
Kunnskapsforlagets Litteraturvitenskapelig leksikon: «Enkelte kritikere bruker betegnelsene fantastisk litteratur og fantasy om hverandre, men i norsk sammenheng er det vanlig å betrakte fantasy som en undergruppe av fantastisk litteratur.» Dette er berre eit lite utdrag av oppføringane Fantasy og Fantastisk litteratur i Litteraturvitenskaplig leksikon. Andre undergrupper av Fantastisk litteratur som vert nemd er fabellitteratur, science fiction, eventyr, segn og mystiske forteljingar og kyberpønk, og så står det osv... --Jorunn 09:25, 28 september 2006 (UTC)
Litt underleg og findelt oppdeling. Kva er skilnaden på fabellitteratur og fantasy? Kva skiljer eventyr og segn? Kyberpønk blir ein sub-sub-sub-gruppe (som levde eit par år så vidt eg kan hugse). Ellers var det vel Bringsværd eller Thore Hansen som laga ordet fabelprosa, og det er jo vakkert! --Ekko 10:00, 28 september 2006 (UTC)
Fabel: Episk-didaktisk sjanger; kort fortelling på vers eller prosa, der dyr ofte personifiserer mennesklige egenskaper, laster, dyder eller praktisk livsvisdom. Fantasy: Fiksjonslitteratur som bryter med samtidens forventninger om sannsynlighet, oftest gjennom fri anvendelse av mystiske, eventyraktige og overnaturlige elementer. Sagn: Kort beretning om en påstått faktisk begivenhet. Eventyr: Folkelig-underholdende og oppdiktet prosafortelling som presenterer fantastiske begivenheter og tilstander uten å fastlegge disse i tid og rom. Alt frå same boka som over, og alle omgrepa er meir omtala/diskutert der, men dette er allereide lovleg nær opphavsrettkanten. --Jorunn 10:33, 28 september 2006 (UTC)
Fabel, eventyr, science ficton og segn er elles oppslag i Nynorskordboka. Fantasy, fantastisk litteratur og kyberpønk vantar der. --Jorunn 10:51, 28 september 2006 (UTC)
Kva med fantasi-litteratur? Ein fri oversettjing av fantasy som ikkje kan misforståast som noko subjektivt.--Anders 11:25, 28 september 2006 (UTC)
Folk som les fantasy, kallar det iallfall for fantasy. Og wikipedia er kanskje ikkje staden for å lansera nye omgrep? Men eg synest fantasi-litteratur er ei god omsetjing.
Folk som les fantasy, kallar det iallfall for fantasy. Eg les mykje av slaget og synes namnet er tåpeleg og inkjeseiande. Og sjå på definisjonane over. Er det noko i definisjonen på fantasy som utelukkar eventyr, og omvendt? Meir alvorleg: For mange og snevre definisjonar er eit onde. God litteratur har ein tendens til ikkje å passe inn i dei. Ekko 11:56, 28 september 2006 (UTC)
Fantasy er ein eigen sjanger, og difor ein eigen kategori. Har du eit betre namn på han enn fantasy, kan eg gjerne bruka det. Og diskusjonen om andre eventyr-liknande sjangrar har ikkje så mykje med diskusjonen om denne kategorien å gjera, etter mi meining. Utdrag frå no: Handlingen foregår ofte i andre verdener som er ganske ulike Jorden; innbyggerne kan ofte bruke magi og det finnes ofte magiske vesener som drager og enhjørninger. Dette utelukkar ganske mange eventyr. Tannkrem 12:09, 28 september 2006 (UTC)
Eg var truleg ikkje tydeleg nok: Eg trur det er lite nyttig å dele eit omgrep (som fantastisk litteratur) opp i for mange undergrupper.
  • Jo fleire undergrupper, jo større er risikoen for at det du leiter etter er i ei anna gruppe enn der du ser.
  • Jo fleire undergrupper, jo meire energi må me nytta for å avgjere om noko høyrer heime i den eine eller andre gruppa.
Kva for grupper me treng og korleis dei skal definerast er i grunnen ikkje så viktig for meg, berre at det ikkje blir for mange og at det er greit for den "opplyste allmenta" å skjøna kva som høyrer heime kor. --Ekko 12:30, 28 september 2006 (UTC)
Fantasy er (diverre) eit innarbeid omgrep i norsk. Me må forhalde oss til det. Det med at mange underkategoriar kan gjere det vanskelegare å finne fram er også til dels sant, for han/ho som ikkje er så innsett i sakene frå før gjer det det fort vanskelegare å finne noko, for dei som kjenner området, gjer det det like fort lettare. Viss eg skal finne ein kjend skistad som eg ikkje kjem på namnet på vil det truleg vere lettare for meg om Geilo ligg i kategorien Buskerud enn om han ligg i kategorien Hol. (Dette med at ting ikkje skal dobbeltkategoriserast (leggjast både i ein underkategori og i en kategori over i hierarkiet) har eg diverre ikkje heilt skjønt grunnen til. Anna enn at det vert ryddigare.) Samstundes kan ein lett sjå føremona med å ha alt som har med Hol å gjere bunta saman ei ein eigen kategori. --Jorunn 13:17, 28 september 2006 (UTC)
Fantasi-litteratur som Anders føreslo er eit godt alternativ. Det er sett saman av to ord som begge står i ordboka, og vil kunne kjennast att for dei som berre kan engelsk òg. -- Ranveig 16:08, 28 september 2006 (UTC)
Som ein som les mykje både god og dårleg fantasy har eig leita lenge etter eit godt norsk ord. Eg synst ikkje fantasi-litteratur er eit godt namn. Kna nokon fortelje meg kva skjønnlitteratur som ikkje er fantasi-litteratur? Dersom vi absolutt skal finne på eit norsk ord så er det nærmaste eg kjem å kalle det eventyr - enkelt og greitt. Gjerne med eventyr som ei fleirtydingsside. Fantastisk litteratur er uansett betre enn fantasi-litteratur. Ein kan vel ikkje seie at der er innarbeid, men i alle fall i bruk andre stader enn på Wikipedia, det kan ein ikkje seie om fantasi-litteratur. stykkjet 18:20, 29 september 2006 (UTC)