Kategoridiskusjon:Norske rapparar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

No er det slettemerke på dei fleste artiklane i denne kategorien. Det er fleire manglar som går att, også i dei artiklane som eg ikkje har merka for sletting:

  • Mange av artiklane nemner berre kunstnarnamn, ikkje dei verkelege namna til artistane
  • Nesten alle artiklane manglar kjelder
  • Mange av artiklane seier ingenting om kvifor personen bør nemnast på Wikipedia
  • Dei fleste artiklane her er berre lenkja saman innbyrdes, ingen andre artiklar lenkjer til desse artistane
  • Mange av artistane ser ikkje ut til å ha gjeve ut noko som helst, og er ikkje kjende nok til å "fortena" ein Wikipedia-artikkel

Det kan godt henda at eg har slettemerka artistar som er kjende, og absolutt burde ha ein artikkel, men i så fall bør dei artiklane det gjeld, utvidast slik at dei fortel kvifor dei aktuelle personane høyrer heime i eit leksikon. Eg kunne sikkert ha sortert dei sjølv, men det ville ta svært lang tid, for det er mange artiklar å sortera, og eg anar ingenting om kven av dei som faktisk er verdt å bruka tid på.

Artikkelen Tungtvann har eigne lenkjer til medlemene. Dei har eg ikkje slettemerka, men to av dei, Jørg-1 og Håvard Jensen, bør anten utvidast eller flettast inn i artikkelen om gruppa. --Tannkrem 16:08, 16 februar 2007 (CET)


  • For For sletting av dei som er slettemerka. --EIRIK\diskusjon 16:10, 16 februar 2007 (CET)
Oi, det var kjapt. Eg hadde no tenkt å gje artikkelforfattaren høvet til å uttala seg, eg. Men eg er redd han ikkje har vore innom på ei stund. --Tannkrem 16:17, 16 februar 2007 (CET)
Ja, det hadde eg òg håpa, men siste endring frå han kom 2. november i fjor. Men vi får vel håpe... --EIRIK\diskusjon 16:42, 16 februar 2007 (CET)
Eg må orsaka på det sterkaste at eg ikkje har vore innom på lenge, eg har flytta heimefrå og hatt generelt sett dårleg tid. Med tanke på diskusjonen kjem eg neppe til å oppdatera desse sidene på ein god stund, sidan eg med tida er vorten for inhabil på dette feltet - det finst få eller ingen relevante artistar i Bergensmiljøet som eg ikkje pleier gode kontaktar med per i dag, og av rapparar elles i landet er det ikkje mykje eg følger med på.
Det er ikkje feil å påstå at utvalet av rapparar eg har konsentrert meg om er smalt og syner eit noko skeivt bilete av hiphop i Noreg. Slettemani er slik eg ser det ikkje løysinga på dette - at leksikonet er sterkare på somme felt enn andre er sjølvsagt problematisk, men det er betre å gle seg over at det i det heile teke er sterkt (stor kvalitet eller, i dette tilfellet, kvantitet) enn å uroa seg og gripa til sletteknappen for å prøva å retta opp maktbalansen. For å bruka ein analogi; mistar du ein fot bør du heller kjøpa deg ein god beinprotese enn å amputera den andre foten.
Eit par av hiphop-personlegdommane som har fått sine eigne artiklar er særs irrelevante, men eg er likevel motstandar av sletting av alt som ikkje skadar wikipediaen direkte.
---Gunnar Mikalsen Kvifte 11:11, 18 februar 2007 (CET)
Først, eg er litt inhabil, har oppretta minst ei av dei tynne rapparspirene. Til vanleg meiner eg det er betre å ta vare på spirer enn slette. Her tvilar eg veldig. Kriteria som brukar:Tannkrem lister opp er absolutte. Artiklar må ha kjelder, biografiar må i det minste ha verkelege namn på personar. Det er synd å slette, ei løysing kan vere å samle informasjon frå rapparspirene til ein ny artikkel om rapparmiljøet i Noreg som òg skildrar artistane, igjen alt må ha kjelder. Roarjo 21:51, 18 februar 2007 (CET)
Eg ville jo ikkje i utgangspunktet gripa til sletteknappen, og har ikkje slettemani, og vert litt oppgitt over slike usaklege og lite konstruktive kommentarar. Hadde eg hatt noko ønske om å sletta alle desse artiklane, kunne eg ha gjort det utan å opna for diskusjon eller å be deg utvida dei. Eg hadde eit håp om at nokre av artiklane kunne vera verd å ta vare på. Men om ingen med kompetanse på området kan sortera det brukande frå det ubrukelege, eller i det minste leggja inn den informasjonen som manglar slik at andre kan sortera, ser eg ingen annan utveg. Om nokon som kjenner til personane, kan fylla ut artiklane med alt det som manglar, trur eg at nokre av dei kan overleva. Men eg tvilar på at det gjeld eit fleirtal. Og, som Roarjo seier, me har nokre kriterium som gjeld for alle artiklar, anten dei er uviktige eller ikkje. Og er ikkje dei kriteria oppfylt, må me sletta. At me ikkje bør sletta noko som ikkje skadar Wikipedia, er eg òg usamd i. Eg synest ikkje det er rett at kven som helst skal ha ein Wikipedia-artikkel. Og det har eg oppfatta at det er konsensus om, sjølv om me av og til kranglar litt om kor høgt lista skal liggja.
Om nokon vil ta vare på konkrete artiklar som er slettemerke på, vert det vanlegvis forventa at dei grunngjev dette på diskusjonssida til artikkelen. Ein slettemerka artikkel som ingen har forsvart, vil i 100 av 100 tilfelle verta sletta. Argumentet om at artikkelforfattaren er generelt usamd at noko skal slettast frå Nynorsk Wikipedia, er altså ikkje godt nok til å la vera å sletta ein einaste av dei artiklane, etter mi meining.
Når det gjeld det å skriva ein samleartikkel om rap i Noreg, der nokre av desse slettemerka artistane kan inngå, må det i tilfelle gjerast av nokon som har kunnskap om desse folka og desse miljøa. At nokon som ikkje har peiling, til dømes eg, ukritisk skal lempa alle desse frøa inn i ein ny artikkel, vil gje oss ein dårleg og totalt uinteressant artikkel, trur eg. Ein slik artikkel må òg innehalda meir informasjon om kvar rappar enn det som står i dei opprinnelege artiklane, i tillegg til andre rap-miljø i Noreg. --Tannkrem 21:57, 18 februar 2007 (CET)
Amen, til Tannkrem. --Ekko 22:23, 18 februar 2007 (CET)
Eg startar no med å sletta dei mest opplagde kandidatane. --Tannkrem 14:07, 19 februar 2007 (CET)