Katetometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit katetometer

Katetometer er eit apparat til å måle høgda av ein lekam. Apparatet består av ein horisontalt innstilt kikkert som blir forskove langs ei vertikal søyle. Skalaen er innskriven anten på søyla eller på ei skjene som hengjer ved sida av lekamen der lengdene skal målast, til dømes eit kvikksølvbarometer. Apparatet er forsynt med libellar og mikrometer. For lengdemålingar i horisontal retning nyttar ein komparatorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]