Kathrin Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kathrin Schmidt

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. mars 1958 (66 år)
Gotha
Yrke skribent, child and adolescent psychotherapist, samfunnsvitar, redaktør, lyrikar, science fiction-forfattar, journalist
Signatur
Kathrin Schmidt på Commons

Kathrin Schmidt (fødd 12. mars 1958) er ein tysk forfattar

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kathrin Schmidt blei fødd i Gotha, der ho budde dei fyrste barneåra. Frå 1964 budde ho i Waltershausen. Etter Abitur (vidaregåande skule) studerte ho psykologi frå 1976 til 1981 ved universitetet i Jena. Deretter var ho vitskapleg assistent ved universitetet i Leipzig.  Ho har vore barnepsykolog ved sjukehuset i Rüdersdorf, og ved barne- og ungdomsvernet i Berlin-Marzahn.

Schmidt studerte litteraturvitskap frå 1986 til 1987 ved Johannes R. Becher-instituttet i Leipzig. Etter at muren fall arbeidde ho ved Runden Tisch i Aust-Berlin. Frå 1990 til 1991 var ho redaktør i kvinnetidsskriftet Ypsilon, og arbeidde til 1993 som vitskapleg medarbeidar i Berliner Institut für Vergleichende Sozialforschung. Sidan 1994 har ho arbeidet som frilansforfattar, og er medlem av PEN Tyskland.

Kathrin Schmidt byrja å skriva og offentleggjera lyrikk allereie som ung. Dikta hennar peiker seg ut med streng metrikk, kraftfullt sanseleg språk og ein hyppig bruk av ordspel. Romanane hennar er blitt samanlikna med verka til Günter Grass og Irmtraud Morgner.

Den største suksessen hennar til no er romanen Du stirbst nicht.[1] Denne skildrar sjukdommen og rekonvalesensen til forfattaren Helene. Etter eit slaganfall må ho arbeida med den manglande kontrollen sin over kroppen, og læra seg språket på nytt.

I 2009 vann Katrhin Schmidt Den tyske bokprisen for Du stirbst nicht.[2]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar
Romanar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ulrike Hempel: „Ich wollte Wörter hören“ (PDF; 1,01 MB) Buchbesprechung zu „Du stirbst nicht.“, in BERLINER ÄRZTE (Kammerblatt der Ärztekammer Berlin), Heft 03/2010.
  2. Buchpreis-Shortlist als Gesamtkunstwerk, focus.de