Katie Hopkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katie Hopkins

Fødenamn Katie Olivia Hopkins
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. februar 1975 (49 år)
Barnstaple, Devon, England
Yrke Medieperson, spaltist, journalist, radiovert, forretningskvinne
Språk engelsk
Politisk parti United Kingdom Independence Party
Born 3
Katie Hopkins på Commons

Katie Olivia Hopkins (fødd 13. februar 1975) er ein engelsk spaltist og mediepersonlegdom.

Hopkins vart kjent i media mellom anna då ho deltok i den tredje serien av The Apprentice i 2007. Ho vart spaltist i britiske nasjonale aviser, og starta å skrive for The Sun i 2013 og Daily Mail-nettstaden MailOnline frå 2015 til 2017. Ho har også vore vertinne for sitt eige TV-program If Katie Hopkins Ruled the World, og presentatør for radiostasjonen LBC. I januar 2018 vart ho spaltist i den kanadiske nettstaden The Rebel Media.

I løpet av karrieren sin har nokre av ytringane til Hopkins ført til kontroversar og kritikk, særleg nokre av kommentarane hennar om migrantar. Ho vart oppsagt i LBC i mai 2017 etter å ha kommentert bombeåtaket i Manchester ArenaTwitter.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Katie Hopkins leaves LBC radio show after 'final solution' tweet». The Guardian. 26. mai 2017. Henta 24. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Katie Hopkins