Katrin Dahl Jakobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katrin Dahl Jakobsen

Fødd20. mai 1951 (72 år)
Tórshavn
Statsborgar avFærøyane
PartiJavnaðarflokkurin
Yrkelærar, politikar
Utdanna vedTrondheim lærerhøgskole
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting Sjå dette på Wikidata

Katrin Elisabeth Dahl Jakobsen (fødd 20. mai 1951 i Tórshavn) er ein færøysk lærar og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jakobsen gjekk Trondheim lærerhøgskole og arbeidde som grunnskulelærar i Noreg før ho flytta tilbake til Færøyane i 1984. Ho blei då lærer ved Eysturskúlin i Tórshavn.[1]

Jakobsen var vald inn på Lagtinget frå Suðurstreymoy 1998–2004. Ho var 2. vara i perioden 2004–2008 og vald inn på nytt frå Færøyanes felles valkrins 2008–2011. Ho var formann i Lagtingets kulturkomité 1998–2000 og Lagtingets næringskomité 2008–2011. Ho søkte ikkje attval til tinget i 2011.[2]

Jakobsen var medlem av kommunestyret i Tórshavn i perioden 2005–2007.[3]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Jakobsen er enkje etter Martin Jakobsen (1951–2007), som og var kjend som Martin á Bakka. Han var ein av gründerane av havbruksselskapet Bakkafrost, der Jakobsen framleis er medeigar. Konsernsjef Regin Jacobsen er nevøen deira.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Árni (2002). «Katrin Dahl Jakobsen». Løgtingið 150 – Hátíðarrit (PDF) 2. Løgtingið. s. 297. Arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2006. Henta 4. september 2021. 
  2. Bertholdsen, Áki (16. november 2010). «Katrin og Andreas gevast í politikki». Sosialurin (på færøysk). Henta 27. juli 2014. [daud lenkje]
  3. Býraðslimir í Tórshavn síðan 1909 (på færøysk). Tórshavnar kommuna. 2009. s. 29. Arkivert frå originalen 12. januar 2014. Henta 29. juni 2014. 
  4. «Historisk resultat på Færøyene» (på færøysk). iLaks. 25. februar 2014. Henta 27. juli 2014. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]