Javnaðarflokkurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Javnaðarflokkurin
Jafnaðarflokkurinn.svg
IdeologiSosialdemokrati
Framsida til Føroya Social Demokrat, 24. mai 1927
Færøyane sin delegasjon til København i 1945
Jóannes Eidesgaard i 2005.
Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Javnaðarflokkurin (Jv.) (IPA[ˈjaunɛaːrˌflɔkʊrɪn]: , norsk omsetjing: «Likskapspartiet») er eit sosialdemokratisk politisk parti på Færøyene. Det vart stifta i 1925, og er eit av dei fire store partia på Lagtinget.

Javnaðarflokkurin vart danna med sikte på å forbetra arbeidarklassa sine kår. Det vart det første partiet på Færøyene som var fordelingspolitisk orientert; dei fann klassemotsetnadene viktigare enn lausriving frå Danmark. Javnaðarflokkurin har sidan utvikla seg frå danskvenleg til meir nøytral i spørsmålet. Partiet står sterkast i dei tidleg industrialiserte fiskarbygdene Tvøroyri og VágurSuðuroy og i hovudstaden Tórshavn.[1][2]

På røystesetlane nyttar partiet bokstaven «C». Partiet er observatør i Sosialistinternasjonalen og medlem av SAMAK. Ungdomsorganisasjonen Sosialistiskt Ungmannafelag (SU) vart grunnlagd i 1965.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Forløparen for Javnaðarflokkurin vart stifta 25. september 1925 som Suðurstreymoyar Javnaðarfelag (Suðurstreymoys sosialdemokratiske samskipnad), og sprang i hovudsak ut frå den sosialistiske ungdomssamskipnaden Socialistisk Ungdomsforbund (SUF) og Tórshavns Arbeidarsamskipnad (dansk: Thorshavn Arbejderforening, færøysk: Havnar Arbeiðsmannafelag).[3] Nokre månader seinare vart Froðbiar Sóknar Javnaðarfelag stifta for Suðuroy i Tvøroyri. Blant leiarane var den seinare mangeårige partiformannen og statsminister Peter Mohr Dam. I 1926 slo laga seg saman til Føroya Javnaðarflokkur, «Færøyenes Likskapsparti», som det formelt heit fram til eit ekstraordinært landsmøte i 2010. Det nye partiet valde Maurentius Viðstein frå Tórshavn til sin formann.

I 1927 byrja ein å utgje partiavisa Føroya Social Demokrat, i 1955 omdøypt til Sosialurin. Den vart Færøyanes viktigaste dagsavis før den vart seld til Føroya Tele i 2006. I 1928 stilte Javnaðarflokkurin for første gong til val, og fekk 10,6 % av røystene og to mandat på Lagtinget. Den økonomiske krisa utløyst av kollapsen i dei spanske og italienske saltfiskmarknadene i 1930-åra styrkte Javnaðarflokkurins danskvenlege linje og veljartilslutting.[1] I 1936 fekk partiet 24 % av røystene og seks mandat på Lagtinget, der halvparten var frå Suðuroy. Peter Mohr Dam, lærer på Tvøroyri, vart valt til partiformann.

Partiet tok del i utarbeidinga av den færøyske Hjemmestyreloven av 1948, og var òg med i Færøyenes første regjering. Etter åtte år i opposisjon lukkast det partiet i 1958 å vinna eit val. Javnaðarflokkurin vart det største partiet, fekk åtte lagtingmedlemmar, og hadde Peter Mohr Dam som statsminister i dei neste fem åra. Han vart statsminister på nytt i 1967, men døydde i 1968. Partiveteranane Einar Waag og Jákup Frederik Øregaard var formenn i ein overgangsfase.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1970 vart Atli Dam, tidlegare fiskeriminister, statsminister for Javnaðarflokkurin, og i 1972 vart han partiformann etter Øregaard. Atli Dam var son av Petur Mohr Dam, og skulle visa seg å verta ein av dei dominerande politikarane i færøysk politikk fram til 1990-åra. Dam var statsminister fram til 1981, på nytt frå 1985 til 1989, og til sist frå 1991 til 1993, då han trekte seg attende frå politikken. Færøyane vart ramma av ei stor økonomisk krise, og Javnaðarflokkurin (som dominerande regjeringsparti) var i hardt vêr. Marita Petersen vart valt til ny partileiar, og var statsminister fram til 1994, då partiet gjekk attende med 12 prosent oppslutning (og lagtinggruppa vart halvert) i lagtingvalet same år.

Jóannes Eidesgaard vart partiformann i 1996, og han var minister i ulike koalisjonsregjeringar rundt tusenårsskiftet, inntil han vart statsminister i 2004. Han regjerte med ein koalisjon beståande av Javnaðarflokkurin, Fólkaflokkurin og Sambandflokkurin fram til lagtingvalet 2008, då han leidde ein ny koalisjon mellom Javnaðarflokkurin, Tjóðveldi og Miðflokkurin. I september same år sprakk samarbeidet, og Kaj Leo Johannesens regjering tok over. Eidesgaard var frå då Færøyanes finansminister inntil han trekte seg som minister og partiformann i 2011.

I juli 2009 måtte Hans Pauli Strøm gå av som helseminister etter økonomisk rot, og vart etterfølgt av Aksel V. Johannesen. Dette førte til at Mikkjal Sørensen (varamedlem av Lagtinget for Straum), det einaste lagtingmedlemmen for partiet busett på Suðuroy, mista plassen sin. Dei andre lagtingmedlemmane for Javanaðarflokkurin frå Suðuroy sat i regjering, og varamedlemmer frå andre delar av landa møte for dei. Dermed sto partiet, for første gong sidan det fekk representasjon i 1928, utan ein lagtingmedlem frå Suðuroy.

Formenn[endre | endre wikiteksten]

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Lagtingval
År Røyster Mandat
# %
1928 671 10,6
2 / 23
1932 825 10,5
2 / 21
1936 1 891 24,0
6 / 24
1940 2 012 23,9
6 / 24
1943 1 919 19,9
5 / 25
1945 3 005 22,8
6 / 23
1946 3 705 28,1
4 / 20
1950 2 605 22,4
6 / 25
1954 2 518 19,8
5 / 27
1958 3 589 25,8
8 / 30
1962 4 161 27,5
8 / 29
1966 4 751 27,0
7 / 26
1970 4 916 27,2
7 / 26
 
År Røyster Mandat
# %
1974 5 125 25,8
7 / 26
1978 5 062 22,3
8 / 32
1980 5 043 21,7
8 / 32
1984 5 879 23,4
8 / 32
1988 6 233 21,6
7 / 32
1990 7 805 27,5
10 / 32
1994 3 918 15,4
5 / 32
1998 6 063 21,9
7 / 32
2002 6 378 20,9
7 / 32
2004 6 921 21,8
7 / 32
2008 6 016 19,3
6 / 33
2011 5 417 17,7
6 / 33
2015 8 074 25,1
8 / 33

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Faroe Islands: Options for Independence» (PDF). Island Studies Journal. 1 (2): 225. ISSN 1715-2593. 
  2. Østergaard, Uffe. Færøerne: Nation eller stat? (PDF) (dansk). s. 63. ISSN 1395-3818. Arkivert (PDF) frå originalen 2014-03-17. 
  3. «From the history of the Social Democratic Party of the Faroe Islands» (færøysk). Javnaðarflokkurin. Arkivert frå originalen 2011-02-12.