Kavadartsi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kavadartsi Кавадарци | |||
---|---|---|---|
Elva Luda Mara gjennom Kavadartsi | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Vardar | ||
Borgarmeister | Trifun Kostovski | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
992,44 km² | ||
Innbyggjarar - By (2002) - folketettleik |
38 741 39,04/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 150 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1430 | ||
Telefon-retningsnummer | +389 043 | ||
Bilnummer | VE | ||
Heimeside: kavadarci.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Kavadartsi i Nord-Makedonia |
Kavadartsi (makedonsk Кавадарци) er ein by og ein kommune i regionen Vardar i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kavadartsi og Konopisjte.
Kommunen har eit areal på 992,44 km2 og hadde 38 741 innbyggjarar ved folketeljinga i 2002, den tidlegare kommunen Kavadartsi hadde 38 391, medan sjølve byen hadde 29 188 innbyggjarar.[1][2]
Kavadartsi ligg i regionen Tikvesj (makedonsk Тиквеш) i hjartet av landet sitt viktigaste vinområde. Her ligg òg den største kunstige innsjøen i landet og den største vingarden i Søraust-Europa.[3], og begge er kalla opp etter sletta Tikvesj.
Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]
Dei største busetnadene i kommunen er:[1]
Busetnad | Folketal 2002 |
---|---|
Kavadartsi | 29 188 |
Vatasja | 3 502 |
Glisjikj | 1 562 |
Marena | 997 |
Vozartsi | 910 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kavadarci» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.