Kay Stenshjemmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kay Stenshjemmet

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1953 (70 år)
Lillestrøm
Yrke skøyteløpar
Høgd 188 centimeter
Kay Stenshjemmet på Commons

Kay Arne Stenshjemmet (fødd 9. august 1953) er ein norsk tidlegare skeiseløpar som vart europameister i firkamp i 1976 og 1980. Han vart fire gongar norsk meister i firkamp; 1976, 1977, 1978 og 1981 og ein gong i sprint, 1976. Stenshjemmet var mange sesongar medlem i Sportsklubben Ceres, seinare i Rælingen Skøyteklubb.

I tillegg til meisterskapstriumfane steig Stenshjemmet på sigerspallen i ei rad internasjonale meisterskap. Han vann sølvmedaljar i europameisterskapane 1977 og 1979, på 1 500 meter og 5 000 meter under Vinter-OL 1980, og i firkamp-VM 1981. Både i VM i firkamp 1979 og EM 1981 enda han på bronseplassen. Han vann til saman ni distanseløp i internasjonale meisterskap.

Den 19. mars 1977 sette Stenshjemmet verdsrekord på 5 000 meter med 6.56,9 på Medeo-bana i Alma Ata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]