Kekova
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kekova | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Kekova | |||
Wikimedia Commons: Kekova | |||

Nordaustsida av Kekova sett frå Kaleköy (antikkens Simena).
Kekova, òg kalla Caravola, er ei lita tyrkisk øy nær Demre i provinsen Antalya som vender mot landsbyane Kaleköy (i antikken Simena) og Üçağız (i antikken Teimioussa). Kekova har eit areal på 4,5 km² og er ikkje busett.
Etter at Italia okkuperte Kastelorizo vart Kekova — som på denne tida var mellombels busett om sommaren for skoghogst — omstridd mellom Italia og Tyrkia. I 1932 vart øya gjeven attende til Tyrkia.
På norsida av øya ligg ruinane av Dolchiste/Dolikisthe, ein by frå antikken som vart øydelagd av eit jordskjelv på 100-talet og er i dag delvis under vatn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kekova» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.