Provinsen Antalya
| Antalya | |||
| Antalya ili | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Middelhavsregionen | ||
| Areal | 20 723 km² | ||
| Folketal | 2 092 537 (2012) | ||
| Folketettleik | 101 / km² | ||
| Bilnummer | 07 | ||
| Retningsnummer | 242 | ||
![]() Provinsen Antalya 37°10′54″N 30°56′00″E / 37.181666666667°N 30.933333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Antalya Province | |||
Provinsen Antalya (tyrkisk Antalya ili) ligg ved kysten av Middelhavet sørvest i Tyrkia, mellom Taurusfjella og Antalyabukta.
Provinsen Antalya er senteret for turisindustrien i Tyrkia og meir enn 30 % av dei utanlandske turistane som vitjar Tyrkia kjem hit. Antalya var den tredje mest vitja byen i verda i 2011, føre mellom andre New York. Antalya er den største internasjoanle feriebyen i Tyrkia. I Provinsen Antalya omfattar dei antikke landområda Pamfylia i aust og Lykia i vest. Han har ei 657 km lang kystlinje med strender, hamenbyar og antikke byar, inkludert verdsarvstaden Xanthos. Provinshovudstaden er byen Antalya med kring 1 million innbyggjarar.
Antalya er den provinsen i Tyrkia som veks raskast med ein årleg folkevekst på 4,17 % frå 1990 til 2000, samanlikna med 1,83 % for landet sett under eitt. Denne vaksen kjem av rask urbanisering, delvis driven av turisme og andre servicenæringar ved kysten.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antalya Province» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2012.
