Kelly Sotherton
| Kelly Sotherton | |
| Statsborgarskap | Storbritannia |
| Fødd | 13. november 1976 (49 år) Newport |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2006 |
| Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Kelly Jade Sotherton (fødd 13. november 1976) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i mangekamp og i lengdehopp. Ho vann bronsemedaljen i sjukampen i Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2007.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Fyrst 25 år gammal fekk Sotherton plass i det britiske friidretts-landslaget. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 overraska ho stort og vann bronsemedaljen i sjukampen med sine 6 424 poeng. Ved hall-EM i Madrid i mars 2005 vart ho med 4 733 poeng nummer 2 i femkamp, berre svenske Carolina Klüft var betre. I meistermøtet i Götzis sanka Sotherton 6 547 poeng, livsbeste i sjukamp og ny andreplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki kom ho på femteplass i sjukamp og åttandeplass i lengdehopp.
I 2006 vann Sotherton sjukamptevlinga ved samveldeleikane i Melbourne med 6 396 poeng. Våren 2007 sette ho britisk rekord i femkamp med 4 927 poeng i hall-EM, som to år tidlegare enda ho på sølvplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka 2007 sikra ho seg med 6 510 poeng bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kelly Sotherton» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2021.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1976
- Britiske mangekjemparar
- Britiske lengdehopparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008