Beijing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beijing, 北京
Himmelfredsplassen i Beijing.
Himmelfredsplassen i Beijing.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Geografi
Flatevidd
 - By

16,801.25 km2 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2018)
   - folketettleik

21 542 000
  1 309.4/km²
Koordinatar 39°54′50″N 116°23′0″EKoordinatar: 39°54′50″N 116°23′0″E
Høgd over havet 43,5 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 100000-102629
Telefon-retningsnummer 10
Heimeside: www.beijing.gov.cn
Plassering
Plassering av Beijing
Frå bysentrum i Beijing i 2018.

Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.

Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.

I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Beijing (北京, pinyin Běijīng, Wade-Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[3] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[2] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.

Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[5] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[6]

Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det ligg 91 universitet i Beijing.[7] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2019).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Beijing Municipal Bureau of Statistics and NBS Survey Office in Beijing» (på English). Beijing Bureau of Statistics. 23. januar 2019. Arkivert frå originalen 23. januar 2019. Henta 24. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Beijing». Store norske leksikon. Henta 26. september 2019. 
  3. Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies 21: 1–66. JSTOR 2718619. doi:10.2307/2718619. 
  4. Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China 34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007. 
  5. Hou 1998: 38
  6. Hou 1998: 38
  7. «Archived copy» 2015年北京市高校名单(共91所). gaokao.com. 22. mai 2015. Arkivert frå originalen 30. november 2016. Henta 29. november 2016. 
Bibliografi
  • Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beijing
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.