Kenneth Ruud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenneth Ruud

Fødd16. september 1969
Fredrikstad
NasjonalitetNoreg
Områdeteoretisk kjemi, beregningskjemi
Yrkekjemikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarTrygve Ulf Helgaker
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Kenneth Ruud (fødd 16. september 1969 i Fredrikstad) er ein norsk professor i kjemi ved Universitetet i Tromsø og leiar for Senter for teoretisk og beregningsorientert kjemi ved UiT Noregs arktiske universitet, som er utpeikt til Senter for framifrå forsking av Noregs forskingsråd. 1. august 2013 vart han prorektor med ansvar for forsking og utvikling ved universitetet.

Han er dr. philos i teoretisk kjemi frå Universitetet i Oslo frå 1998. Ruud vart professor allereie då han var 32 år. Ruud er den første nordiske forskaren som er vorte æra med Dirac-medaljen for yngre, framifrå kjemikarar.[1] I 2004 vart han ein av dei 26 som fekk fireårsstipend som Yngre framifrå forskar av Noregs forskingsråd. Ruud er president for Norsk kjemisk selskap[2]

I 2012 vart han vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i gruppe for kjemi.[3]

I 2018 vart han nestleiar i styret til Noregs forskingsråd.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskning.no Medalje til kjemiker Arkivert 2008-03-13 ved Wayback Machine. 27. april 2007
  2. Norsk styret til kjemisk selskap
  3. dnva.no DNVA-medlemmer Arkivert 2019-06-12 ved Wayback Machine.
  4. Solhaug, Randi Merete. «Kenneth Ruud er ny nestleiar i Forskingsrådets styre | UiT». uit.no. Henta 20. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]