Kent Andersen
Kent Andersen | |
![]() | |
Fødd | 18. april 1962 (61 år) Drammen |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet, Demokratane |
Yrke | skribent, lokalpolitikar |
Kent Andersen (fødd 18. april 1962 i Drammen) er ein norsk-newzealandsk forfattar, skribent og lokalpolitikar.
Andersen har bakgrunn frå industrien, arbeidd som vektar i fleire år og vore skribent, novelleforfattar og tekstforfattar i reklamebransjen. Han er i dag fast bidragsytar på nettavisa Document.no, og skriv kommentarartiklar frå ein nasjonalkonservativ og innvandringskritisk ståstad. Han vekte åtgaum for kronikken «Drøm fra Disneyland», som han skreiv i 2010 saman med partikollegaen Christian Tybring-Gjedde.[1]
Andersen debuterte som forfattar i 2015 med krimromanen Nakenape. I 2019 gav han ut sin andre krimroman, Skytsdjevelen.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- 2015: Nakenape, Fair Forlag (ISBN 9788282970211)
- 2017: Godhetens tanketomme ondskap, Document Forlag (ISBN 9788275192101)
- 2019: Skytsdjevelen, Fair Forlag (ISBN 9788282970457)
- 2020: Klima antiklimaks, Document Forlag ISBN 9788275192309
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Drøm fra Disneyland». Aftenposten. 25. august 2010. Henta 14. august 2019.