Ketekorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kete whakairo (ketekorger med mønster) på utstilling i Osaka i Japan.

Kete er tradisjonelt korgverk laga av maoriarNew Zealand. Ketekorger kan ha mange ulike storleikar, men er ofte på storleik med ei handveske, og har to handtak. Dei har hatt mange bruksområde, som å oppbevara mat i eller til seremonielle kappar og greenstone-statuettar. Korger med fint mønster av smale band er kjende som kete whakairo, og reflekterer talentet til vevaren.[1]

Kete pynta med kivifjører.

Korgene blir som regel laga av delte blad frå Phormium tenax, på maori kjend som harakeke og på engelsk som New Zealand flax. Dette var de viktigaste tekstilmaterialet til maoriane før europearane kom, og blei også brukt til klede og tauverk. Det greske ordet phormium tyder 'korg'.[1] Andre materiale kan vera palmetreet nīkau (Rhopalostylis sapida) eller australdrakelilje (Cordyline australis).[2]

I maorimytologi henta guden Tāne tre kunnskapskorger (kete o te wānanga) frå himmelen. Dei ulike korgene inneheldt heilag kunnskap (te kete tuauri), forfedrekunnskap og kunnskap om krig (te kete tuatea) og kunnskap om handverk og fred (te kete aronui).[3]

På maori i dag kan kete visa til eit repertoar, til dømes musikalsk repertoar (kete puoro) eller språkleg repertoar (kete kōrero).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Maori Flax Kete (Flax Basket), Seaweed Solutions NZ Ltd © 2006, henta 5. august 2017 
  2. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia: http://www.tepuia.com/wananga_new_zealand_traditional_maori_woven_products.htm
  3. 3,0 3,1 kete. Søk i maoridictionary.co.nz