Khankasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khanka
Khanka -
Stad Heilongjiang provinsen i Kina og Primorskij kraj i Russland
Koordinatar 45°0′N 132°25′EKoordinatar: 45°0′N 132°25′E
Overflateareal 4190 km²
Middeldjupne 4,5 m
Vassvolum 18,3 km³
Hydraulisk opphaldstid 1 år

Khanka (russisk озеро Ханка; tradisjonell kinesisk 興凱湖, forenkla kinesisk 兴凯湖, pinyang Xīngkǎi Hú) er ein innsjø som ligg på grensa mellom provinsen Heilongjiang i Kina og Primorskij kraj i Russland. Han ligg 120 km frå Jixi. Innsjøen har eit areal på 4190 km² der 3030 km² ligg i Russland og 1160 km²—i Kina. Området rundt innsjøen er eit viktig våtmarksområde og utgjer eit nasjonalt naturreservat på den kinesiske sida og Khanka naturreservat på den russiske sida. Området vert nytta til økoturisme samt vitskapleg forsking på trekkfuglar. Den sjeldne dverggåsa held til ved innsjøen. Området på den kinesiske sida er statseigd og vert nytta til kollektivbruk for fiske, jordbruk og dyrebruk.

Fysisk informasjon[endre | endre wikiteksten]

Khanka er namnet på to innsjøar med ein ti meter høg sandbanke mellom seg. Breidda av innsjøane er myrlendte, bortsett frå i nordvest.

Innsjøen sitt tilsigsområde er ei elveslette på rundt 16 890 km², der 97% ligg på russisk område. Med eit overflate areal på 4000 til 4400 km² er han den største innsjøen i Nordaust-Kina. Han mottar 23 elvar (8 i Kina og 15 i Russland), men har berre eitt utsig, Songatsja. Innsjøen er i snitt 4,5 meter djup og 10,6 meter på det djupaste. Det gjennomsnittlege volumet er 18,3 km³, og på det meste opp mot 22,6 km³. Innsjøen er ein del av tilsigsområdet til Ussuri, som igjen er ein del av nedslagsfeltet til elva Amur.

Den maksimale årlege temperaturen er 21,2 °C, og minimumstemperaturen er -19,2 °C. Nedbøren kjem hovudsakleg om sommaren og i løpet av eit år kjem det normalt 750 mm. Den hydrauliske opphaldstida i Khanka, tida det tar vatnet å renne gjennom innsjøen, er eitt år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]