Elveslette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elveslette på Isle of Wight etter ein flaum.

Ei elveslette er ei slette av sand og grus som ei elv har lagt opp, særleg i flaumperiodar når elva bryt ut av leiet sitt, slik at transportevna til vatnet minkar og materiale vil fellast ut på botn.

På ei flat elveslette der elva for det meste fraktar finkorna materiale, vil elva ha ein tendens til å danne meandrar og endre laup under flaum. På stader der elva fraktar grovare materiale som botntransport, til dømes når elva får tilført mykje materiale frå sideelvar med stort fall, kan det oppstå eit forgreina laupsmønster med bankar av grus og stein.

Av di dei fleste elveslettene både i Noreg og andre land ofte er dyrka opp og tett busett, vil ein unngå den naturlege flaumen av elvesletta i flaumperiodar. Det er difor vanleg å halde elva i leiet sitt med demmande konstruksjonar. Slike tiltak kan likevel auke faren for skadeflaum andre stader langs elva utan slike vern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]