Khazar Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 40°14′21″N 49°38′07″E Khazar Islands er eit byggeprosjekt i Aserbajdsjan, kring 23 km sørvest for sentrum av hovudstaden Baku.

Prosjektet går ut på å byggje ein ny by på 41 menneskeskapte øyar i Kaspihavet.[1] Bygginga starta i 2011 og er venta å stå ferdig i 2020-2025. Byen skal då kunne romme ein million menneske og omfatte det som vil bli den høgaste skyskraparen i verda, med det foreløpige namnet «Azerbaijan Tower». Khazar Islands ligg kring 23 km sørvest for sentrum av Baku. Den nye byen vil strekkje seg langs to rekkjer av øyar og bygningar, 7 km utover i havet. Øyane vil dekkje kring 2000 hektar.

Kring 60 hengebruer vil gå mellom øyane, som i tillegg til bustader skal bestå av 150 skular, 50 sjukehus, mange parkar, kjøpesenter, kultursenter, stadion, veddeløpsbane, ein Formel 1-bane og ein internasjonal flyplass, i tillegg til Azerbaijan Tower.[2]. Byen vil verte bygd for å stå imot kraftig jordskjelv, som stundom råkar dette området.

Avesta er entreprenør for prosjektet, som er venta å koste kring $100 milliardar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]