Kieren Keke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kieren Aedogan Keke (f. 1971 i Yaren) er ein naurisk lækjar og tidlegare parlamentsmedlem. Han er no ein hovudperson i opposisjonspartiet Naoero Amo. Han er ein av få lækjarar på øya. (Andre er dr. Mark Kun, dr. Ludwig Keke (far hans Kieren, tannlækjar), dr. Godfrey Waidabu og dr. Kiki Thoma.)

I 2004 fekk han ikkje taka parlamentssetet sitt av di parlamentsmedlem Russell Kun hevda at Keke ikkje er ein naurisk innbyggjar. Keke vart òg arrestert saman med David Adeang og Fabian Ribauw i april 2004 og sikta for opprørsleiing etter ein demonstrasjon på flyplassen i Nauru, men siktinga vart snart fråfallen. Keke vart atterinnvald i parlamentet i oktober 2004 og er no helseminister på Nauru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]