Nauru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republik Naoero
Republic of Nauru

(norsk: Nauru, naurisk)

Det nauriske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Nauru Bwiema»
Motto God's Will First (Guds vilje fyrst)
Geografisk plassering av Nauru
Offisielle språk Engelsk og naurisk
Hovudstad Ingen offisiell hovudstad1)
Styresett
Republikk
David Adeang
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
21 km² (196.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 642 (197.)
459,1 /km² (15.)
Sjølvstende
frå Australia
31. januar 1968
Nasjonaldag 31. januar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
151 mill. USD (194.)
15 000 USD (86.)
Valuta Australsk dollar
Tidssone UTC +12
Telefonkode +674
Toppnivådomene .nr

1) Yaren er den største busetjinga, og anerkjent av SN som hovuddistrikt.

Nauru, offisielt Republikken Nauru, tidlegare kjend som Pleasant Island, er ein øyrepublikk i det sørlege Stillehavet. Det er eit av verdas minste land både når det gjeld innbyggjarar og areal, og verdas minste republikk. Når det gjeld areal er det òg verdas minste ikkje-europeiske land.

Mykje av den tidlegare rikdomen i landet kom frå dei store lagera av fosfat, dette trur ein enten er av guano eller anna marint opphav. Fosfatet vert brukt som gjødsel rundt om i verda, og det meste av det er eksportert til Australia. I og med at fosfatressursane no er så å seie oppbrukte, går Nauru ei usikker framtid i møte. På 1990-talet prøvde landet å få alternative inntektskjelder ved å introdusere seg sjølv som eit skatteparadis, men dette vart det ein slutt på i juli 2004.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet «Nauru» er ukjent. Då øya vart oppdaga, kalla innbyggjarane henne, som dei framleis gjer i dag, «Naoero». Tyske Paul Hambruch, som besøkte øya i mai 1909 og frå september til november 1910, gav forklaringa om at «Naoero» var eit samandrag av setninga «A-nuau-A-A-ororo» (i dag ville det vorte skrive «A nuaw ea arourõ»), som vert omsett med «eg går til stranda». I det tyske kolonileksikonet vart denne forklaringa brukt. Misjonær Alois Kayser avviste at dette var sannsynleg – han hadde budd på øya i over tretti år, og heile tida jobba med språket – fordi det nauriske ordet for «strand», som eit mål for eit verb om rørsle, ville trenge ordet rodu «nedover (til)»; nauruarane ser på stranda som det lågaste punktet på øya. Det faktum at «rodu» manglar i Hambruch si ordforklaring gjer at dette er ein usannsynleg tolking av namnet «Nauru».

Øya har òg hatt andre namn: dei engelske koloniherrane før 1888 kalla øya for Pleasant Island eller Shank Island, og dei tyske koloniherrane kalla den Nawodo eller Onawero. Namnet «Nauru» vart seinare skapt frå namnet «Naoero» slik at europearar og amerikanarar skulle kunne uttale namnet rett.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Nauru

Nauru er ei koralløy i Stillehavet. Den er ein typisk atoll på eit gamalt vulkankrater. Korallbasen som Nauru ligg på har røter rundt 2000 meter under havoverflata, og når cirka 61 meter over havet. Dette høgste punktet er langs kanten av platået, aust i Aiwo; denne kanten kallast Command Ridge. Samanlikna med andre atollar har Nauru ei veldig lita lagune. Ein kilometer frå øya er sjødjupnda allereie på 1000 meter. I øya sitt indre var øya nesten heilt dekt av fosfat (nauruit), forma av fugleekskrement. Rundt 2 km² av øya består av skog. Nauru sitt maritime krav er 200 nautiske mil eksklusiv fiskesone, og 12 nautiske mil territorialsjø.

På grunn av Nauru si plassering rett sør for ekvator, ligg temperaturen rundt 27,5 °C heile året. Jordbruk er vanskeleg på grunn av den porøse kalksteinen, sidan vatnet forsvinn veldig raskt.

Nauru er direkte berørt av den globale oppvarminga, sidan øya kan søkke om havnivået stig ytterlegare. Nauru har påpeika dette fleire gongar i FN, og krev møte med USA og andre industriland.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Kokospalme
Foto: Andreas Hörstemeier

Det er ingen store dyr på Nauru. Dei einaste landdyra som lever på Nauru, utanom insekt, er nokre sjøfuglartar og husdyr som kattar, hundar og grisar, som vart teke med dit av nybyggjarar. Det finst berre éin type songfugl på øya, Nauru-røyrsongaren (Acrocephalus rehsei), som er eineståande for Nauru.

Øya har ein brei vasskant, som ved lågvatn er nesten fullstendig tørr, der ymse sjødyr og krabber lever, og korall veks. Mot land går eit belte med snøkvit korallsand. Her veks kokospalmar, tynn skog og pandangbusker. Dette perifere landskapet har vorte veldig endra av menneske. Rundt her går den asfalterte vegen på øya, og bygningar står i denne sonen.

Det naturlege landskapet i bakken opp mot det andre platået og det gamle korallrevet er vesentleg betre teke vare på. Her veks det skogar med kokospalmar, fikentre, calophyllum og i nord også mangrovetre. På platåa var òg i si tid den største kokospalmeplantasjen på øya. Kirsebær-, fiken-, mandel- og mangotrea på Nauru vart hogne ned for lenge sidan. Inne på øya er det store skilnader mellom dei øyde dagbrotsområda og resten av marka, der det naturlege landskapet er teke vare på. Dei høgare områda har både lett og tett skog, der calophyllum, eit middels høgt tre med kroka stamme og store blad, veks. Hòleforma landskap har ein litt annan vegetasjon, som er lettare og tettare. Desse skilnadene vert forklart med at det er skilnader på vassmengda i jorda. Trass i nedbørsmengda, finn ein ingen spor av vassleiar ned til havet. Grunnvatnet ligg djupt, for vatnet søkk raskt ned i den porøse fosfatsteinen. Difor er grunnen tørr året rundt.

Korall[endre | endre wikiteksten]

Naturen på Nauru er veldig spesiell og uvanleg; rundt kysten er det blautdyr. Ein finn helioporaria-korall med eit lyst koboltblått kalkskjelett. Dette er det einaste eksemplaret i octocorallia-greina av korall. Helioporaria-koralla har eit lite leveområde: berre ved ekvator, og aldri i vatn med temperatur under 23 °C.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det mest spektakulære på øya er underlege takker og pyramidar forma av fosfatutvinninga. Dei er fire til ti meter høge, og mellom dei har labyrintar av hòl forma seg. Dette er eineståande for denne øya; ingen andre stader finst noko tilsvarande.

Resten av øya er nesten som eit ørkenlandskap; fosfatet vart køyrt vekk med ei smalspora jarnbane, medan berre det døde måneaktige landskapet vart att. Det er ikkje noko jord att på steintakkene som vart att, og det er ikkje noko vegetasjon der. Regnvatn vert samla i hòla, men vert fort trekt ned i den porøse steinen.

Solnedgang i Nauru

Geografar, geomorfologar og geologar har undersøkt naturen der, og funne ut at atollen Nauru har eksistert veldig lenge. Det sirkelforma korallrevet frå tertiærperioden er teke vare på heilt til i dag. I paleogperioden var det som i dag er Buada-lagunen, 60 m under havnivået i dag. I miosaperioden, ein del av den tidlege tertiærperioden, vart han heva kraftig, til 10 meter under havnivået i dag. Etter kvart vart det danna ein lagune, som er svært liten i høve til andre atollar sine, og hòla mellom steintakker og andre hòl vart fylte opp med guano, som etter kvart vart til fosfat.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nauru har tropeklima med mykje årsnedbør som fell særs uregelmessig. Det kan vore periodar med tørke.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Nauru er delt inn i 14 distrikt:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nauru