Kil i Värmland
Kil | |||
busetnad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Stora Kils distrikt | ||
Areal | 830 km² | ||
Folketal | 7 836 (31. desember 2020) | ||
![]() Kil i Värmlands län | |||
Wikimedia Commons: Kil, Kil Municipality | |||
Kil i Värmland er ein svensk tettstad som er administrasjonssenter i Kils kommun. Han har 7 842 innbyggjarar (2011). Kil er eit viktig jernbaneknutepunkt med trafikkerte jernvegar i fem ulike retningar.
Utdanning[endre | endre wikiteksten]
I tettstaden Kil er det fire skolar: Vikstaskolan, Dallidenskolan, Stenåsenskolan og Sannerudsskolan. Sannerudsskolan har elevar på trinna F-6, 7-9.[1] Dei andre skolane har trinna F-6.
Det er ikkje gymnas i Kil og dei fleste gymnaselevar dreg til Karlstad- og Hammaröområdet.[2]
Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutviklinga i Kil 1960-2010[3] | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innb. | Areal | ||
1960 | 3 288 | |||
1965 | 3 768 | |||
1970 | 4 771 | |||
1975 | 6 484 | |||
1980 | 7 475 | |||
1990 | 8 368 | 647 | ||
1995 | 8 245 | 664 | ||
2000 | 7 958 | 668 | ||
2005 | 7 826 | 668 | ||
2010 | 7 842 | 675 | ||
Stader[endre | endre wikiteksten]
- Storgatan i Kil: Ei lang gjennomfartsgate med butikkar og service på begge sider.
- Frykstahöjden: Friluftsområde der ein mellom anna kan gå tur, springe, renne slalåm og gå langrenn.
- Fryken: I sjøen Fryken kan ein bade, fiske og dra på båttur.
- Sannerudsvallen: Idrettsplassen som er heimearena for mellom anna Stefan Holm.
- Frykenbaden: Firestjernars campingstad like ved Fryken.
Kjende personar frå Kil[endre | endre wikiteksten]
- Harry Nyquist, svensk-amerikansk matematikar.
- Bengt Alsterlind, fjernsynsperson
- Per Åslund, hockeyspelar i Färjestads BK og Tre Kronor
- Markus Larsson, utforkjørar med to verdscupssigrar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mai 2008, henta 9. oktober 2011
- ↑ «Översiktsplan 2010 - Arbete och service» (PDF) (på svensk). Kil: Kils kommun. s. 2. Henta 4 maj 2011. Arkivert 2014-08-14 ved Wayback Machine.
- ↑ «Statistiska centralbyrån - Folkmängd i tätorter 1960-2005». Arkivert frå originalen (PDF) 23. juni 2011. Henta 13. desember 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Kil, Värmland» frå Wikipedia på svensk, den 9. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Meir om skolane i Kil Arkivert 2011-10-11 ved Wayback Machine.