Killingdal gruver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Killingdal gruver, eller Killingdal gruber, er ein koppar- og sinkførekomst som ligg i Ålen i det som i dag er Holtålen kommune i Trøndelag. Den fyrste delen av gruva vart opna i 1674. Gruva blir rekna som ei av dei største på Rørosfeltet, og fram til ho vart nedlagd i 1986 vart det teke ut over 2,6 millionar tonn malm. Gruva er i dag fylt med vatn og er difor stengd for besøkande, men området over bakken er delvis opna. Killingdal fjellhotell held til i den gamle mannskapsbrakka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.