Kilroy was here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kilroy på eit krigsminne frå andre verdskrigen

Kilroy was here er ei setning som har vore mykje brukt i graffiti. Ho dukka opp og vart utbreidd under andre verdskrigen.

Til teksta dukka det etter kvart opp eit andlet med ei stor nase, to store runde auger med små pupillar som keik over ein vegg. Stundom såg ein og fingrane ved sida av hovudet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ved krigsslutt var denne helsinga så vanleg, at ein US-amerikansk radiostasjon prøvde å finne fram til opphavet til Kilroy. Resultatet vart at James J. Kilroy frå Massachusetts dukka opp. Det er til ei viss grad truleg at det er denne personen som er opphavet til Kilroy was here Han var inspektør ved eit skipsverft i Quincy i delstaten Massachusetts. Der hadde han til oppgåve å kontrollere kor mange naglar som vart klinka kvar dag. For å fortelje inspektøren på neste vakt kor langt han hadde kontrollert, merka han det med Kilroy was here

I krigstida vart skipa ofte ikkje måla. Difor var det mange i Europa som såg denne helsinga når skipa kom dit. Den kunne jamvel finnast i attsveisa rom når skipa skulle vølast. Kilroy was here vart oppteke som eit slagord av dei US-amerikanske styrkane, og vart spreidd i Europa.

Det var fleire som melde seg som opphav til teksta, men James J. Kilroy var den einaste som hadde vitne. Han stilte med arbeidarar frå verftet.

Etter kvart dukka teikninga opp i tillegg til teksten. Ho har i England namnet Chad. Opphavet er uklart, men teiknaren George Edward Chatterton vert nemnd som ein mogleg opphavsmann. Liksom opphavet til Kilroy was here er uklart, er det ein del usikre historier og rykte knytte til denne helsinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]