King Talal-dammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°11′24″N 35°48′05″E
King Talal-dammen
vassreservoar
Kingtalaldam.jpg
King Talal-dammen
Land Flag of Jordan.svg Jordan
elv Zarqaelva
Koordinatar 32°11′24″N 35°48′05″E
Høgd 106 m
Eigar Jordandalen Authority

King Talal-dammen
32°11′24″ N 35°48′5″ E
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: King Talal Dam

King Talal-dammen er ein stor demning i åsane nord i Jordan, over Zarqaelva. Bygginga av King Talal-dammen starta i 1971 og stod ferdig i 1978 med ei høgd på 92,5 meter. Den opphavlege dammen kosta 46 millionar dollar.[1] I 1984 byrja arbeidet med å heve dammen til 106 meter, for å møte det aukande vassbehovet i landet, og prosjektet stod ferdig i 1988. Dammen er kalla opp etter kong Talal av Jordan. Hovudføremålet med dammen er å lagre regnet som fell om vinteren og handsama avløpsvatn frå Amman og Zarqa i As Samra-verket for å vatne Jordandalen. Dammmen gjev vatn til eit kring 17 000 mål stort område og buskapen til 120 000 personar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rami G Khouri: The Jordan Valley - Life and Society below Sea Level, Longman, London and New York, 1981, s. 145.
  2. Haddadin, Munther. «The Socio-Economic Role of The King Talal Dam i hashimittiske Kongedømet Jordan». Presentation at the World Commission on Dams Regional Consultation, Kairo, Egypt, 8 - 9. desember 1999. Henta 11. november 2013.