Zarqaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°11′30″N 35°48′06″E
Zarqa
arabisk نهر الزرقاء, hebraisk: נחל יבוק, Nahal Yabboq
elv
none  Zarqa
Zarqa
Namneopphav: Den blå elva[1]
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Guvernement Zarqa guvernement, Jerash guvernement, Balqa guvernement
Tilløp
 - venstre Wadi Dhuleil
Byar Amman, Zarqa, Jerash
Koordinatar 32°11′30″N 35°48′06″E
Lengd 65 km
Nedslagsfelt 3 900 km²
Kjelde Ain Ghazal
 - stad Amman
 - høgd 776 moh
Munning Jordanelva
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Zarqa River

Zarqa (arabisk نهر الزرقاء, hebraisk: נחל יבוק, Yabok) er den nest største sideelva til Jordanelva, etter Yarmouk. Ho er den tredje største elva i området etter vassføring og nedslagsfeltet omfattar det tett folkesette områda aust for Jordanelva, i Jordan. Ho spring ut nær Amman og flyt gjennom ein vid og djup dal (som er identifisert som den bibelske elva Jabbok) før ho munnar ut i Jordanelva etter eit samla fall på 1090 meter. Elva er kraftig forureina og oppreinskinga av elva har høg prioritet hos det jordanske miljødepartementet.[2]

Zarqaelva

Geologisk sett er Zarqa kring 30 millionar år gammal. Kjelda til elva ligg ved 'Ain Ghazal, ein stor arkeologisk stad som er datert attende til yngre steinalder. Arkeologiske funn lalngs elva indikerer at området hadde eit rikt plante- og dyreliv i tidlegare tider.

King Talal-dammen vart bygd over den nedre delen av Zarqa i 1970-åra og skapte eit vassreservoar med ein kapasitet på 55 millionar kubikkmeter, som vart auka i 1987 til millionar kubikkmeter.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Placenames of the World, Adrian Room, s. 42, McFarland, 2006
  2. «IUCN - Roadmap for Restoration of the Zarqa River Laid Out». www.iucn.org. http://www.iucn.org/where/asia/index.cfm?uNewsID=353. Henta 1. oktober 2014. 
  3. Zarqa River