Kipparfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°30′30.269″N 22°28′43.370″E Kipparfjorden eller Kipperfjorden (samisk Gahpirvuotna) er ein fjordSørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km nordover til Kipparfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Valan i vest og Kipparfjordneset i aust. Heilt ytst i fjorden ligg Holmen på vestsida og Høgholmen på austsida. Mellom desse er fjorden på det djupaste med eit djup på 122 meter. Kipparfjordholmen ligg lenger inn i fjorden.

Det er ingen busetnader ved fjorden.