Kirchbichl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria himmelfarts-kyrkja i Kirchbichl

Kirchbichl er ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 14,9 km² og i kring 5 600 ibuarar. Landsbyen Kirchbichl ligg 515 meter over havet.

Kirchbichl ligg i dalen Unterinntal, ved elva Wörgl. Kommunen består av landsbyen Kirchbichl og grendene Oberndorf, Bichlwang, Kastengstatt, Winkelheim, Boden og Bruckhäusl. Landskapet i kommunen er kupert mot nordaust, medan høgfjell dominerer i sørvest. Høgste punktet er i nærleiken av Mittagskogel, 1595 meter over havet, og fire km aust om landsbyen Kirchbichl.

Kirchbichl har vore særleg kjend for sin sementindustri. Sidan 2001 har den tyske kryddermylna Moguntia produsert varene sine ved eit anlegg i Kirchbichl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]