Kirsten Thorup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsten Thorup
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 9. februar 1942 (82 år)
Gelsted på Fyn i Danmark
Yrke Forfattar
Periode Modernisme, realisme
Sjanger Lyrikk, romanar, noveller og dramatikk
Ektefelle Ib Thorup
Debut Diktsamlinga Indeni - Udenfor i 1967

Kirsten Thorup (fødd 9. februar 1942 i Gelsted i Middelfart kommuneFyn)[1] er ein dansk skjønnlitterær forfattar. Ho debuterte i bokform med den modernistiske diktsamlinga Indeni - Udenfor i 1967.[1] Etter debuten har ho gitt ut eit førtitalls bøker, og ho har skrive romanar, noveller og dramatikk.[2]

Diktsamlingane Love from Trieste frå 1969, I dag er det Daisy frå 1971 og romandebuten Baby (1973) er viktige representanter for skrivemåten frå slutten av 1960-åra. Ho fekk stor merksemd med dei realistiske romanane Lille Jonna (1977) og Den lange sommer frå 1979 om ei jentes utvikling frå born til vaksen i eit dansk provinsmiljø.[3]

I romanane Himmel og helvede (1982, filmatisert 1988), Den yderste grænse (1987) og Elskede ukendte (1994) går handlinga for seg i København og dei har alle kjærleik og eksistens som tema. Romanene Bonsai og Ingenmandsland kom ut i 2000 og 2003. Romanen Førkrigstid frå 2006 har òg handling frå det danske provinsmiljøet og er ei samling portrett. Som dramatikar for TV er ho mellom anna kjent for Else Kant frå 1978, etter Amalie Skram sine skildringar av sinnssjukdom.[3]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Romaner[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: Baby
  • 1977: Lille Jonna
  • 1979: Den lange sommer
  • 1982: Himmel og helvede
  • 1987: Den yderste grænse
  • 1994: Elskede ukendte
  • 2000: Bonsai
  • 2003: Ingenmandsland
  • 2007: Førkrigstid
  • 2011: Tilfældets Gud

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • 1968: I dagens anledning
  • 1974: David og Karla
  • 1975: Søndag med Lydia
  • 1989: Sidste nat før kærligheden

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Indeni - Udenfor
  • 1969: Love from Trieste
  • 1971: I dag er det Daisy

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1971: Frisørinden
  • 1971: Sæsonen slutter
  • 1972: Hvornår dør Maria?
  • 1973: Historien om Mally
  • 1976: Helte dør aldrig
  • 1978: Else Kant I-II
  • 1981: Krigsdøtre
  • 1981: Du er smuk. Jeg elsker dig
  • 1983: Romantica
  • 1997: Projekt Paradis[2]

Prisar og utmerkingar – utval[endre | endre wikiteksten]

I 1974 fekk ho Otto Gelsted Prisen, i 1978 Johannes Ewalds legat, i 1980 Dansk Forfatterforenings H.C. Andersen-legat, i 1982 Kritikerprisen og i 1983 De Gyldne Laurbær. Ho mottok PH-prisen i 1985, Søren Gyldendal-prisen i 1987, og Dansk Litteraturpris for Kvinder same år. I 1988 mottok ho LO’s Kulturpris, i 1991 Jeanne og Henri Nathansens Mindelegat og Adam Oehlenschläger Legatet, i 1995 Bogklubben 12 Bøgers litteraturpris og Henrik Pontoppidans Mindefond i 1996. Ho blei tildelt Det Danske Akademis Store Pris i 2000, Radioens Romanpris i 2001 for romanen Bonsai og Danske Banks Litteraturpris i 2004 for romanen Ingemandsland.[1]

Romanen Førkrigstid var ein av de nominerte bøkene til Nordisk Råds litteraturpris i 2007.[4] Ho fekk Nordisk råds litteraturpris i 2017 for Erindring om kærligheden.[5]

Ho mottar Statens Kunstfonds hædersydelse.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kirsten Thorup (f. 1942)». Litteraturpriser.dk. Henta 2. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 Kirsten Thorup på Bibliografi.dk
  3. 3,0 3,1 «Kirsten Thorup». Store norske leksikon (fri lisens). Henta 2. mars 2015. 
  4. «Nordisk råds litteraturpris / Nominerede 1962-2014». Norden.org. Henta 2. mars 2015. 
  5. «Vinner av Nordisk råds litteraturpris 2017». Nordisk råd. Henta 13. november 2017. 
  6. «Modtagere af hædersydelse». Statens Kunstfond. Henta 2. mars 2015.