Kiruna rådhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kiruna stadshus i 2008

Kiruna stadshus står sentralt i Kiruna og er inntil vidare sete for administrasjonen i Kiruna kommun i Norrbottens län i Sverige. Rådhuset, som vart teikna av arkitekten Artur von Schmalensee, vart bygd i åra 1959-62 og hyser i dag også ein kunsthall. Bygninga er 49 x 49 meter lang og brei, og 45 meter høg. Klokketårnet på taket på 26 meter har vore eit kjend landemerke for Kiruna. Det vart teikna av Bror Marklund og innvigd i 1963.[1]

Rådhuset blei kalla «Igloo» av Artur von Schmalensee på grunn av den låge inngangen til ein stor open hall med høge lysinnsleppingar. I 1964 fekk bygningen og arkitekten Kasper Salin-prisen for «Sveriges vackraste offentliga byggnad».

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Nytt rådhus[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2009 har det vore lagd planar for å rive rådhuset, då aktiviteten til gruveselskapet LKAB underminerer grunntilhøva i dagens sentrale Kiruna. I oktober 2012 vart det lyst ut ei arkitekttevling om å teikna eit nytt rådhus. I september 2013 var vinnaren utropt som Henning Larsen Architects A/S med forslaget «Kristallen».[2][3]

I august 2017 vart klokketårnet på det gamle rådhuset teke ned for å flyttast til den nye bygningen.[1][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sorgligt ögonblick i Kiruna: ”Stan blir aldrig mer sig lik”, 7. august 2017, Klocktornet i Kiruna har under förra veckan monterats ned. 
  2. Kiruna kommun, pressmeddelande 13. september 2013, henta 2014-06-14
  3. Dagens Nyheter Kultur 16. september, s. 4
  4. http://www.kiruna.se/PageFiles/8378/1%20-%20Kristallen%20-%20popul%C3%A4rversion.pdf