Kisdon Force

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kisdon Force.

Kisdon Force er ei rekkje fossefall i elva Swale i Swaledale i England. Dei ligg i nasjonalparken Yorkshire Dales, omkring 500 meter nedanfor landsbyen Keld i North Yorkshire.

Falla er omkring ti meter høge. Langs breidda veks ulike lauvtresorter, og det går ein sti langs elva frå Keld. Mange av dei som går fottur langs Pennine Way vitjar falla, sidan den lengste turstien går langs dei.

Andre fossefall i elva Swale er East Gill Force, Catrake Force og Wain Wath Force. Alle desse ligg i eit område der elva skjer gjennom eit kalksteinsområde mellom Kisdon og Rogan's Seat. Namnleddet force kjem av norrønt «fors», som på norsk har vorte «foss».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°24′14″N 2°9′26″W