Kjeldebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°25′37.4″N 7°29′48.4″E Kjeldebu er ei turisthytte i Eidfjord kommune i Hordaland, som ligg 1060 moh. på austsida av Sysenvatnet.

Hytta høyrer til Den Norske Turistforening (DNT), og vart bygd i 1975 som erstatning for Instestølen, som vart riven i samband med Eidfjord-utbygginga. Kjeldebu er sjølvbetent og har 51 sengeplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]