Kjellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein vinkjellar

Ein kjellar er ein del av ein bygning som ligg heilt eller delvis under terrengnivå. Kjellarar blir ofte nytta til sekundære bruksføremål som leilegheiter, opphaldsrom, vaskerom, lagerrom og liknande.

Kjellaryttervegger er gjerne støypte i betong eller mura, medan kjellargolvet normalt blir støypt i betong. Byggegrunnen må som oftast drenerast, og kjellaryttervegg og -golv må avgrensast mot byggegrunnen slik at fukt ikkje kan trengje inn i eller gjennom konstruksjonen i skadelege mengder. Tradisjonelt blir då grovare tilfyllingsmasser nytta for å sikre god drenasje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]