Kjernefusjon
Kjernefusjon innebèr at to eller fleire atomkjernar smelter saman, slik at det vert danna ein ny og tyngre atomkjerne. Ved samansmelting av lette atomkjernar vert det frigjeve store mengder energi.[1] Kjernefusjon finn stad i stjerner, i visse typer atomvåpen og i fusjonsreaktorar, der ein freistar å utvinne energi.
Terskelverdien for dei fleste kjernefusjonar er svært høg, og det er vanlegvis naudsynt med svært høge temperaturar for å få reaksjonen til å gå. I forskinga nyttar ein ulike metodar for å setja i gang og kontrollera kjernefusjon, t.d. tokamakar og laserfusjon. Det har vore gjort fleire forsøk på å få i stand såkalla kald fusjon, der fusjonsreaksjonar finn stad ved vanlege temperaturar, men ein har enno ikkje lukkast med dette.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Stefano Atzeni og Jürgen Meyer-ter-Vehn (2004). «Nuclear Fusion Reactions». The Physics of Inertial Fusion: BeamPlasma Interaction, Hydrodynamics, Hot Dense Matter (PDF). New York: Oxford University Press. ISBN 9780198562641.