Kjole og kvitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mann kledd i kjole og kvitt med flosshatt til nyttårsfeiring i 1995.

Kjole og kvitt, livkjole eller snippkjole er eit gallaantrekk for menn.

I klenaden inngår livkjole med lange skøytar bak, bukser med silkerender, kvit vest og kvit sløyfe. Buksa og jakka er vanlegvis av svart tøy. Buksa har silkeband som render i sidene. Kvit stiveskjorte, kvit vest og sløyfe høyrer til.[1]

Kjole og kvitt er etter det høgaste sivile gallaantrekket for menn,[1] i norsk kultur jamstilt med bunaden. Det er tradisjonell bryllupsklenad for brudgommen.

Fasongen går tilbake til motedrakten som blei vanleg for menn i 1820-åra.[1]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «snippkjole» i Store norske leksikon, snl.no.